Skognæringa nektar innsyn

Trass i fleire vedtak i Klagenemda for miljøinformasjon, nektar Viken skog å gi Naturvernforbundet i Buskerud (NiB) innsyn i konkrete klagesaker på hogstar. NiB har mange klagesaker på hogstar der me ikkje er einige i næringa si vurdering. I vårt område er det ofte Viken skog som har drifta, og det er svenske Intertek som er deira sertifiseringsselskap. Fleire konkrete klager er blitt sendt vidare til Intertek for vurdering. Når NiB spør om informasjon om sakshandsaminga, seier Intertek at informasjonen er Viken sin eigedom. Viken skog hevdar at dei ikkje har denne informasjonen.

Skriftleg saksbehandling og innsyn

Det er vanskeleg å tru at det ikkje finst skriftleg vurdering av klagesakene frå Naturvernforbundet. Intensjonen i Lov om miljøinformasjon er  at saksbehandlinga i klagesaker  er skriftleg. Skogselskapa ivaretar eit viktig nasjonalt regelverk som styresmaktene har delegert.  Dersom skogselskapa ikkje oppfyller kravet om skriftleg sakshandsaming, er dette i strid med intensjonen i lovverket. Om skogselskapa har vurdert klager frå NiB og nedfelt denne skriftleg, er det vanleg praksis å senda denne vurderinga til klagar – uoppfordra.

Når skognæringa tydelegvis kan ignorera vanlege krav til saksbehandling og oppfølging av klager, er forklaringa at næringa har eit effektivt og stort propagandaapparat som har greidd å skape ei myte om eit strengt regelverk som sørger for at naturverdiane blir tatt vare på ved hogstar. I praksis er regelverket å samanlikne med eit revehi – det er fullt av moglege utgangar for skognæringa. Det er særleg kravpunkta om kantsone og livsløptre som stadig blir brotne.

Det blir aldri oppretta nøkkelbiotop ved registrering av trua artar eller naturtypar, og det er heller ikkje alltid at køyreskadane blir retta opp i ettertid. Kravpunktet om vurdering av hogstform, der biologisk mangfald, friluftsliv og økonomi skal vurderast, endar mest alltid opp med hovudvekt på økonomi, og resultatet er flatehogst og flatehogst. Alt dette skjer utan at at skognæringa bryr seg med å gi skriftleg svar på skriftlege klager.

 

Økonomi styrer

I november kom det ei oppdatering av raudlista over trua og sårbare artar. 

På lista står nå 4957artar. Det er ei auke på 22 artar sidan 2015, og fleire av artane har skifta kategori, det har vore ein auke i andelen av trua artar på ca.1%

Situasjonen er alvorleg. Naturkrisa er like alvorleg som klimakrisa.

Halvparten av dei raudlista artane lever i skog, og moderne skogbruk er ein trussel for mange av desse.

I praksis har skognæringa ubegrensa tillit frå styresmaktene. Dei registrerer naturverdiane, høgg og kontrollerer seg sjølve. Eit slikt system krev innsyn dersom det skal ha tillit. Når Viken nektar å gi frå seg informasjon om klagesaker, tyder det på at systemet ikkje tåler innsyn.

Dersom styresmaktene tar naturkrisa på alvor, må det endringar til. Skogbrukslova med berekraftforskriftene må reviderast, og næringa må i mykje større grad kontrollerast av andre enn seg sjølv. Det er naivt å tru at næringa sjølv tar omsyn til biologisk mangfald. Det er økonomi og ikkje økologi som styrer næringa.

 

 

Martin Lindal – Naturvernforbundet i Buskerud.