Skognæringa – Viktig vedtak om rett til innsyn

Naturvernforbundet i Buskerud (NiB) har fått medhald i Klagenemda for Miljøinformasjon. Etter vedtak i Klagenemnda 19.10.2021 er Viken Skog SA pålagt å gi NiB innsyn i korleis klagesaker blir behandla i sertifiseringsystemet PEFC.

NiB har hatt mange klagesaker på Viken si praktisering  av regelverket dei siste åra. Fleire av sakene har me også sendt vidare opp i systemet, til Intertek, som er Viken sitt sertifiseringsselskap. Når NiB har spurd Intertek om deira vurdering av saka, har svaret vore at det er Viken som eig denne informasjonen, og at me må vende oss dit. Viken svarte med å vise til sin miljørapport, som bare har generell informasjon, og ikkje seier eit pip om konkrete saker. Me ba derfor om innsyn i revisjonsrapporten som Intertek laga for 2020. Viken skog nekta oss innsyn, og me klaga saka inn til Klagenemda for Miløjinformasjon.

 

I klagenemnda prosederte Viken med bistand frå advokatfirmaet Hjort på at revisjonsrapporten ikkje inneheld miljøinformasjon, og at NiB derfor ikkje har rett på innsyn i rapporten. Klagenemda delte seg i to på dette punktet. Leiar si dobbeltstemme støtta Viken i synet på at me ikkje har rett til fullt innsyn i revisjonsrapporten, men det viktigaste for oss var at klagenemda einstemmig bestemte at NiB har krav på innsyn i dei konkrete klagesakene våre, under føresetnad at dei finst i systemet til Viken skog. Me reknar med at informasjonen finst, og at me får den oversendt innan 30 dagar frå vedtaket i nemda.

 

Vedtaket i Klagenemnda er viktig. Dersom regelverket for skognæringa skal ha legitimitet, må det vera sjølvsagt at både presse og miljøorganisasjonar får innsyn i korleis klagesaker blir behandla i systemet. Skognæringa sitt propagandaapparat spreier stadig myten om at me har verdas strengaste regelverk for hogst. Det er ei myte som styresmaktene har akseptert som sanning. Ein tur i ein hogstmaskin, med hjelm på hovudet ser ut til å overtyde dei fleste politikarane om at alt er i orden. I røynda er det eit lukka og lite transparent system , der næringa har fått stor tillit av styresmaktene.  NiB ser derfor fram til at Viken Skog SA nå  skal følgja opp pålegget frå Klagenemnda med å gi NiB innsyn i korleis klagesaker blir behandla.

 

 

Jon Trygve Johnsen og  Martin Lindal – Naturvernforbundet i Buskerud.