Strutsepolitikk

Drammens Tidende (DT) tek opp diskusjonen om ein tredje rullebane på Gardermoen i leiaren 28.6.

Bystyret i Oslo har på grunn av klimaomsyn sagt nei til dette. Slik eg tolkar leiaren, blir dette karakterisert som strutsepolitikk av DT. Det nyttar ikkje å drive politikk, flya vil gå uansett hevdar DT. på leiarplass.

Talet på flypassasjerar på Gardermoen har auka frå 14 til  24 mill. passasjerar på 25 år. Prognosene sier at dersom trafikken  aukar like mykje vil det bli behov for ein ny rullebane.

Det statlege selskapet Avinor arbeider for å auke flytrafikken, sjølv om vi har skrive under på parisavtalen og har forplikta oss til ein kraftig reduksjon av utsleppa. Skal vi greie dette må vi ikkje la prognosene styre utviklinga, men prøve å styre utviklinga slik at prognosene må endrast.

Ein stor del av trafikken på Gardemoen skuldast reising til og frå dei største byane i landet; Bergen,Trondheim og Stavanger.  Erfaringar frå andre land, som Sveits og Sverige, viser at tog kan vera eit godt alternativ til fly. Togforbindelsen mellom Oslo og Stokholm har vore ein suksess. Fleire og fleire velger nå toget. Ei skikkeleg opprusting av togforbindelsen mellom dei største byane i landet vil føre til at folk vil velge tog. Dersom ein i tillegg aukar flyavgifta og bruker dette til å finansiere tog vil prisane på tog gå ned og prisane på fly gå opp. Det vil gjere det attraktivt å bruke tog. Alt dette er mogleg dersom ein vil bruke politiske verkemiddel.

Etter mi meining blir det feil å karakterisere det som strutsepolitikk når ein prøver å styre utviklinga, det liknar meir på strutsepolitikk å la utviklinga gå sin skeive gang basert på prognosar .

Martin Lindal   –     Naturvernforbundet i Buskerud/ Besteforeldrenes klimaaksjon.