Svar på innlegg om årsmøteutalelsen

Bjørn Lien svarer i Hallingdølen 27.3 på årsmøteutalelsen med et innlegg under tittelen «Feil om hogst». Han kjem med nokre påstandar som krev kommentar.

1. ” Det var utstrakt hogst sommarstid ”.
Me kan ikkje bestride at Bjørn Lien var med far sin i skogen somarstid, og at det ikkje var
uvanleg med hogst i somarhalvåret.
Me meiner allikevel at hovedaktiviteten var på vinteren og at den moderne drifta i dag er ein
mykje større trussel mot dyre og plantelivet enn eldre hogstmetoder innebar. Å hogge store
flatar med hogstmaskin midt i yngletida , må føre til store tap og dyretragediar.

2.” Ståande kubikkmasse er på eit historisk rekordnivå ”.
Det stemmer dersom ein tek utgangspunkt i år 1900 som referanse. På den tida starta
landsskogtakseringa, og dei norske skogane var uthogd. Ståande biomasse var på sitt lågaste.
Skognæringa bruker dette i alle debattar, men sanninga er at dersom naturen fekk rå, ville
biomassen vore mykje større i dag. Granplantasjane blei planta tett og har ført til mykje kubikk.
Men samtidig er 75% av skogane våre flatehogd og kun 2,4% av skogane er eldre enn 160 år.
Så mens det veks i plantasjeskogen, blir dei siste restane av gammalskogen hogd. Det hjelper
ikkje utrydningstruga artar som er avhengig av gamle og døde trær at det er mykje ungskog i
vekst. Sjølv om det er meir kubikk enn i 1920.

3. Årleg hogstkvantum er under halvparten av årleg tilvekst .
Det stemmer fordi store deler av skogen er ung og ennå ikkje hogstmoden.
Mykje av skogen er i dag produksjonsskog der trea er like gamle. Det er lite naturmangfold i
desse skogane. Berre ¼ av skogarealet kan i dag reknast som naturskog.

4. “ Evt. tap av biologisk mangfold kan ikkje skuldast mangel på skog ”
Det er ikkje berre mengde av skog som er forutsetningen for det biologiske mangfoldet.
Det er viktigare at det er tre av ulik alder og art. Det er også viktig med nok død ved.
Professor Anne Sverdrup Thygesson ved NMBU skriv i si nyutgitte bok: Insektenes planet:” Død
ved er en helt sentral del av en levende skog og huser en stor del av skogens arter,inkludert
insekter – som gjør nytte for seg som nedbrytere, pollinatorer, frøspredere, som mat for andre
dyr og i kontroll av skadegjørere.Og selv om det nå gradvis blir mer død ved i norske skoger, er
mengden fremdeles mindre enn ein femdel av det vi finner i sammenlignbare naturskoger
upåvirka av hogst.”

Bjørn Lien foreslår meir intensiv drift av skogane for å auke det biologiske mangfoldet.
Det trur me knapt han sjølv meinar seriøst ?
Naturvernforbundet meiner at følgjande tiltak må setjast i verk for å betre situasjonen.

● Gammal skog som ikkje har vore utsett for flatehogst må kartleggjast av biologar, og
vurderast for vern før ein evt.får lov å hogge.Skogbruket sine MIS-registreringar er ikkje
bra for å ivareta det biologiske mangfoldet.

● I eldre produksjonsskogar med lite bar må ein auke omløpstida med fra 20-50 år for å
oppretthalde karbonbindinga i jorda. Dette er klimatiltak som myndighetene må gi støtte
til, gjerne på bekostning av dei miljøfiendtlege støtteordningane me har i dag.

● I naturskog som ikkje er aktuelle for vern, i fleirsjikta skog og i yngre produksjonsskog
med mykje bar må ein benytte plukkhogst/gjennomhogst.

Med dei goda vilkåra me har for for frivillig vern vil dette gagne både skogeigaren og naturen.
Skogeigaren vil få meir sagtømmer i hogstane og tilskot eller erstatning for evt. vern.
Det vil bli meir karbonbinding i skogen, og det vil bli færre spreiingshinder og fleire levestader
for sopp, planter og dyr.

Naturvernforbundet i Buskerud – Martin Lindal – leiar.