Svekka regelverk fører til tap av natur

Viser til innlegg i Hallingdølen 28.3. Bård Heio og Rune Ihle fra Nesbyen Høgre svarer på vår kommentar, og presiserer at dette er ei prinsippsak, ikkje ei sak om ei fiskebu ved Øyvatn. Det synet støttar me, denne saka er mykje større enn diskusjonen om ei fiskebu.

Høgre ønskjer eit enklare regelverk som gjer det lettare å utvikle garden som ressurs.  Kapitalisering av utmarksressursen burde vera det sentrale temaet her, meiner dei. Heio og Ihle synes det er for vanskeleg å få setje opp ei utleigehytte, og bruker fiskebua ved Øyvatn som eit eksempel på dette problemet.Regjeringa har i praksis endra innsigelsesinstituttet radikalt allereie. Klageinstansen  i plansaker er flytta frå Klima- og Miljødepartementet til Kommunaldepartementet, Fylkesmennene har fått eit direktiv  om å redusera talet på innsigelsar, og departementet har styrka det lokale sjølvstyret i saker som gjeld arealforvaltning. I følgje Riksrevisjonen har alt dette ført til ein drastisk reduksjon i innsigelsar. Naturen står igjen som taparen

Dei siste åra har det kome meldingar om store reduksjonar i bestanden av både virveldyr og insekter. WWF kom med ein rapport i 2015 som viste at virveldyrgruppene er redusert med ca.40% dei siste 40 åra. Studiar frå Tyskland viser at det har blitt om lag 50% færre insekter i løpet av dei ti siste åra. Det er ingenting som  tilseier at ikkje trenden er den same også her, tvert om. Grunnen til reduksjonen i faunaen er samansett, men hovedgrunnen er nedbygginga av naturareal.

Svaret frå politikarane har så langt gjort situasjonen verre, og Nesbyen Høgre vil ha meir av same medisinen. Det er gjennom fleire år blitt meir og meir nedbygging av norsk natur etter bit for bit-prinsippet, utan overordna kontroll på kva vi mistar og kva vi har igjen. Det er nå bare små lommar av natur igjen, som ikkje er tydeleg påverka av menneskeleg aktivitet. Med minkande inntekter frå primærnæringane har svaret vore å satse på hyttebygging. Store areal er bygd ned med ein sekundærbolig for byfolk både i Nesbyen og andre stader i bygdenorge.

Nesbyen høgre er opptatt av marknadsverdien og hevdar at unge vegrar seg for å ta over mindre bruk i distrikta.  Det er rett at økonomien for små bruk har blitt dårlegare,  noko som landbrukspolitikken dei seinare åra må ta æra for.  Den har ført til større bruk, der produksjonen i større grad er avhengig av ressursar utanfrå garden. Høgre har vore pådrivar bak denne politikken.Svaret på problemet er ikkje å sleppe laus bygging av hytter, men å sørge for at produksjon av mat blir lønnsomt også på mindre bruk. Det er bare auka matproduksjon som kan auke sjølvforsyningsgraden.

Heio og Ihle avsluttar med ein hyllest til lokaldemokratiet. Styrking av det lokale sjølvstyret og kommunen som planmyndighet er den borgarlege regjeringa sine viktigaste arbeidspunkt.

Naturvernforbundet er sjølvsagt ikkje imot lokaldemokratiet. Det er viktig, men lokalpolitikarane må arbeide innafor lovverk som nasjonale styresmakter har trekt opp.

Plan- og bygningslova og Naturmangfaldlova er to viktige lovverk som dei må forholde seg til. Når Naturvernforbundet tar opp saker rundt omkring i kommunane,  ser me ofte at det er grov svikt i bruk av Naturmangfaldlova.

Lova tar utgangspunkt i at all natur skal forvaltast kunnskapsbasert. Kommunen må sørge for at kunnskapen er kvalitetssikra og gjera sine vurderingar i forhold til dette. Alt for ofte opplever me at kunnskapsgrunnlaget er for dårleg, og at vurderingane blir prega av det. Resultatet er igjen at naturen er taparen.

Lokalpolitikarane er ofte under press frå sterke krefter i lokalsamfunnet. I småkommunar er det kort avstand mellom dei som ønskjer ei utbygging, og dei som skal gjera vedtak. Nokre av lokalpolitikarane er sjølv grunneigarar og veit at vedtaket kan ha betydning for dei ved neste korsveg. Mange gonger kjem det store utbyggarar med flotte planar på glansa papir. Dei lokkar med nye arbeidsplassar , som det er vanskeleg å seie nei til.

Resultatet er at naturen igjen er taparen.

Heio og Ihle kjem også med overraskande nytt. Dei hevdar at nasjonen si største utfordring er avfolking og attgroing. Er Høgre sentralt einig i den analysen?
Klimaendringar og tap av artsmangfald  er den største utfordringa for både Nesbyen, Norge og resten av verda. Dersom Høgre skulle lykkast i forsøka sine på å hole ut regelverket, vil det ha store negative konsekvensar for norsk natur. Og då tapar me alle.

Naturvernforbundet i Buskerud – Per Furuseth og Martin Lindal.