Vern av skog i Austadmarka – Positivt for Drammen.

DT har 7. april ei heilside om vern av skogen i delar av Austadmarka. Dei tre grunneigarane har meldt området inn til frivillig vern. Statsforvaltaren har kartlagt skogen, og har sendt ei tilråding om vern til Miljødirektoratet. DT har vald å ha ei problematiserande tilnærming til saka.

”Forbudt å knekke en eneste kvist”, er overskrifta i avisa, og ingressen fortel at det nå blir umogeleg å spikke pil og boge og bygge granbarhytte. Det blir presisert at området er eit bynært område, som tusenvis av drammensarar bruker til rekreasjon.

I utgangspunktet har ein heller ikkje i dag lov til å hogge og spikke som ein vil utan løyve frå grunneigar. Dette forbodet har nok ikkje blitt praktisert i stor grad, og vil sannsynlegvis heller ikkje føre til store konsekvensar for den som spikkar seg pil og boge, eller ei seljefløyte, etter eit eventuelt vern.

Dersom direktoratet finn området eigna, og Klima og Miljødepartementet vernar det, vil dette utelukkande vera positivt for drammensarane.  Dei er dermed sikra at det er ein flott skog med eit rikt biologisk mangfald i nærområdet sitt. Skulane kan bruke området til naturfagundervisning og lære ungane opp til sporlaus ferdsel. Alternativet til vern  kan fort vera at grunneigarane høgg skogen. Når skogsmaskinane på mange tonn har flatehogd området,  vil det sjå ut som eit anleggsområde i mange år etterpå. Så vil det bli planta tett i tett med granplanter, og etter nokre år ende opp som eit biologisk uinteressant område. Då kan det vera grunn til å ta fram dei store negative overskriftene.

Naturvernforbundet i Buskerud – Martin Lindal.