Villrein under press

Hemsedal kommune utarbeidde ny arealdel til kommuneplan for Hemsedal i 2018. Den nye planen er eigentleg ein hytteutbyggingsplan. Samfunnsdelen, som skal dra opp og drøfte viktige spørsmål om utviklinga blei utsett. Det viktigaste for det avtroppande kommunestyret var å få sikra nye utbyggingsområde.

Hemsedal har  dei siste tiåra vore ganske restriktive med å legge ut nye hytteområde, fordi kommunen har ønska ei utbygging rundt skisenteret med eit stort innslag av såkalla “varme” senger. Det har ført til gjester gjennom heile veka, og gode inntekter for skisenteret. 

Den nye planen åpnar fleire nye område, mange i sårbare område langt opp mot fjellet,og fleire hundre hytter skal byggast. Kjelhovda er eitt av dei nye områda som åpnar for hyttebygging i fjellnære område. Debatten om Breidalen på 90-talet,  er gløymt, og det er nå planar om 50 hytter rundt Kjelhovda, som ligg lenger inne i Holdeskaret. Det er eit heilt nytt landskapsrom som nå blir tatt i bruk til omfattande utbygging. 

I konsekvensutgreiinga blir verdien av området nedgradert på grunn av stor utbygging i tindenområdet. Denne argumentasjonen  åpnar for vidare utbygging innover Holdeskaret. Kommunen har ikkje vurdert dette i forhold til Naturmangfoldlova og gjort ei vurdering i forhold til samla belastning av området.

I konsekvensutgreiinga er ikkje villrein nemd. Me har internasjonalt ansvar for å ta vare på villrein, og det er kritikkverdig at konsekvensane for villrein er “utegløymt”

Holdeskaret er ein del av randsonen til Nordfjella villreinområde. På grunn av skrantesjuke blei stammen i nordre del av området (sone1) skoten ut, men tanken er at villrein frå sone 2 skal danne ei ny stamme villrein i området. Holdeskaret er eit viktig vinterbeite for villrein når forholda er problematiske lenger vest, og kan vera avgjerande for overleving enkelte år. Dette området er allereie eit mykje brukt turområde, og villreinen er sårbar for ferdsel. Ved eit visst nivå vil villreinen slutte å bruke området.

Regionalplan for Nordfjella med Raudafjell har ikkje med seg randområda kring villreinområdet. Ein av intensjonane med regionalplanarbeidet for dei nasjonale villreinområda var å kunne legge heilskaplege vurderingar til grunn for utviklinga i randområda til eit villreinområde. Første forslag om plangrense, som støtta dette momentet, blei forkasta pga. sterk politisk motstand, og ein valde i staden ei plangrense som følger ytterkanten til villreinområdet. Med det har regionalplanen eit avvik frå bestillinga til Miljødirektoratet. For å bøte på dette, og få planen godkjend la ein inn føringar i planen. Med tanke på at planar nær villreinområdet vil kunne påvirke villreinområdet, blei det i planføresegnene sin §2.9. understreka at det skal gjerast ei konskevensvurdering i forhold til Naturmangfoldlova §§ 8-12. Etter det eg kan sjå har ikkje det skjedd i dette tilfellet, og kunnskapsgrunnlaget for planen er derfor mangelfull.

Ei så stor utbygging som nå er planlagt rundt Kjelhovda, vil føre til auka aktivitet vidare innover i Holdeskaret. Det kan ha store negative følger for ein allereie sterkt pressa villreinstamme. I valet mellom hytter og villrein har Hemsedal kommune prioritert utbyggingsinteressene.

 

 

 

Martin Lindal.- Styreleiar Naturvernforbundet i Buskerud, og tidlegare styreleiar  Villreinnemda for Nordfjella og Fjellheimen.