18.06.02: Lingvong for fall?

Denne artikkelen er automatisk importert, og kan inneholde formatfeil. Ta kontakt med rogaland@naturvern.no dersom du vil vi skal redigere artikkelen.

NATURVERNFORBUNDET I ROGALAND

18.06.02: Lingvong for fall?

Vist som debattinnlegg i Stavanger Aftenblad 18. juni 2002

For under to år sidan gikk kommunestyret i Suldal prinsipielt imot ei kraftutbygging der Lingvong – og Tengesdalsvassdraget inngjekk. Nå vil rådmannen at dei samme politikarane skal kasta prinsippvedtaket på avfallsdyngja for å seie ja til ei utbygging.

Dette skjer etter at NVE i april gikk inn for nær full utbygging til tross for stor motstand mot prosjektet. Viktige høringspartar som Suldal kommune, Fylkesting, Fylkesmann, Direktoratet for naturforvaltning og ei samla miljørørsle meinte at verdiane som området representerer ikkje kunne forsvare ei utbygging. Dei blei ikkje høyrt. NVE kan heller ikkje fått med seg dei sterke signala frå Regjering og Storting som seier nei til nye store vasskraftutbyggingar. Å leggja Lingvong- og Tengesdalsvassdraget i røyr er ei slik vassdragsutbygging.

Kva er nytt sidan 2000?
Frå vedtaket imot utbygging for to år sidan har Elkem foreslått ei minstevassføring i vassdraga. For Tengesdal utgjer dette 0,1 m3 og for Lingvong 0,45 m3 om sommaren. Dette svarar til ei mengd som er naturleg nokre få dagar i løpet av ein sommar. Lingvongfossen, Rogalands største fossefall med utløp i fjorden, vil miste sin livgivande karakter, landskapet vil verta endra drastisk. Med ei full utbygging vil ein og få ein sterk reduksjon av «villmarksprega områder», friluftsliv og turisme vil vera skadelidande. Skaulenområdet, inneklemt mellom Røldal-Suldal, Ulla-Førre og Saudautbygginga, vil miste noe av sin identitet og karakter.

For oss i Naturvernforbundet er det underleg at saka i det heile skal opp i kommunestyret. Å avgi uttale til ei innstilling som allereie bygger på tidlegare høyringar, kan ikkje vere riktig så lenge det ikkje det er nye moment i saka. I NVEs innstilling er det ikkje det. Skulle noko seiast, måtte det vere at kommunen sitt syn er blitt neglisjert.

Fall på distriktspolitikkens alter?
Rådmannen sitt hovudpunkt for å forkaste tidlegare prinsippvedtak ligg ikkje innanfor miljø eller energipolitikk. «Folketalsutviklinga har forverra seg dramatisk i heile indre Ryfylke dei siste par åra. Spesielt 2001 har vore ille», skriv rådmannen som meiner ei full utbygging vil gi ein kraftig vektstimpuls. Dette i motsetnad til kva han meinte for to år sidan: «Dei auka skatteinntektene og eventuelle ringverknader i form av arbeidsplassar og oppdrag til næringslivet synest ikkje å vera av ein slik storleik at det skulle gi grunnlag for å endra kommunen sitt syn på ytterlegare kraftutbygging i Suldal.» Sidan den gong har utbyggingsprosjektet krympa då Longfossen og Saltåna i Etne er tatt ut. «Vekstimpulsen» er følgjeleg minka tilsvarande.

Det er vel ingen i distrikta som er ueinig i at folketalsutviklinga er bekymringsfull. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at det er dette «agnet» forkjemparane har nytta i sin store lobbyverksemd. Med hjelp av informasjonsrådgjevarfirmaet Geelmuyden og Kiise er det klårt at Sauda kommune, Elkem og næringsliv har laga ein appetittleg meny som virkar svært fristane. Det dei eigentleg serverar er ikkje noko anna enn det Suldal sa nei til for to år sidan.

Naturvernforbundet vil òg få poengtere to forhold: For det første er forskjellen i sysselsettingseffekt ikkje så stor mellom ei full- og ei redusert utbygging som ein skulle tro, mykje av det same arbeidet må gjerast uansett kva utbyggingsløysing det blir. For det andre må ein minna om at halvparten av landets kommunar har hatt nedgang i folketalet dei siste ti-åra. Dette er difor eit problem som må løysast gjennom sentrale politiske verkemiddel, ikkje gjennom konfliktfylte vasskraftprosjekt.

Eit heilheitleg landskap
Det vert av og til hevda at Lingvong ikkje har nokon god tilkomstveg. Dette bør ikkje vere noko argument for ei vasskraftutbygging. Truleg er ferdsla til Lingvongsfossen og Lingvongsgarden for å oppleva dette eineståande landskapet større enn nokon gong. Lingvongs venner skal ha alle lovord for sitt arbeide med å ta vare på garden og kulturlandskapet. Om det mektige landskapet skulle stå tilbake med fattige 450 liter i elva, vil landskapet rundt Lingvong vere eit langt mindre heilheitleg, og ikkje minst fattigare landskap. Dette er òg noko den nye reiselivssjefen i Suldal bør leggje merke til.

Avsluttande
Suldal kommunestyre har tidlegare samrøystes gått inn «for varig vern av alle dei resterande vassdrag i kommunen». Dette vedtaket vart sist nytta for ein månad sidan, då ei utbygging i Tysseelva vart avvist. For Lingvong- og Tengesdalvassdraget sin del har ein òg vore klåre på at desse, saman med Hamrabø, har vore dei mest prioriterte vassdraga i vernesamanheng. Om kommunen no plutseleg skulle forkasta verdiane som desse tidlegare vedtaka byggjer på, så er me alvorleg bekymra for korleis kommunen vil forvalta vår felles naturarv.


For
Naturvernforbundet i Suldal
Jarle Lunde