19.11.02 Dropp lisensjakt på jerv

Denne artikkelen er automatisk importert, og kan inneholde formatfeil. Ta kontakt med rogaland@naturvern.no dersom du vil vi skal redigere artikkelen.

NATURVERNFORBUNDET I ROGALAND

19.11.02 Dropp lisensjakt på jerv

Fylkesmannen i Rogaland miljøvernavdelinga

Stavanger 11.11.02


Forvaltingsplan for freda rovdyr i Rogaland 2003-2008

Syner til tidlegare rundskriv om framlegg til forvaltningsplan. Som det går fram av rapporten er ikkje rovdyrplagene den store problemstillinga i Rogaland fylke. Naturvernforbundet i Rogaland har likevel nokre innvendingar som bør koma fram i ein slik planprosess. Planen må ta omsyn til at internasjonale konvensjonar om biologisk mangfold også gjeld i Rogaland.

1) Det skal ikkje vera tillatt med lisensjakt på jerv. Ein bør ikkje avlive streifdyr om dei berre er på gjennomtrekk. Kva skade for sauehaldet er det om ein einsleg jerv streifar rundt i Frafjord-/Sirdalsheiane i november månad?

2) Kvotefri avskyting på gaup må det bli slutt på. Det er gjort altfor lite truverdig dokumentasjon når det gjeld tap av sau på beite i høve til kva skade som gaupa gjer. Me har inntrykk av at det er altfor mange andre usikre «tapsfaktorar» som ikkje er klart nok dokumentert.

3) Problemstillinga turisme og rovdyr passar dårleg saman. Den kommersielle turismen grip om seg og tar for lite omsyn til dei langsiktige verknadane den mellom anna påfører delar av faunaen. Skadane kan vera eit resultat av manglande kunnskap og respekt for vilt og viltbiotopar og eit press for å tjena pengar.

Naturvernforbundet i Rogaland meiner at det bør med i rovdyrplanen at det skal utarbeidast ein eigen forvaltingsplan for kongeørn i Rogaland.


Vennlig hilsen Naturvernforbundet i Rogaland

Erik Thoring
Daglig leder

Knut G. Austad Saksbehandler

Relaterte saker: