30.09.02 Naturvernforbundet i Suldal negativ til ny kraftlinje

Denne artikkelen er automatisk importert, og kan inneholde formatfeil. Ta kontakt med rogaland@naturvern.no dersom du vil vi skal redigere artikkelen.

NATURVERNFORBUNDET I ROGALAND

30.09.02 Naturvernforbundet i Suldal negativ til ny kraftlinje

NVE
Postboks 5091 Maj.
0301 Oslo

Suldal 10.09.02

UTTALE 300 (420) kV-LEDNING SAUDA – LIASTØLEN

Konklusjon
Rogaland og indre Ryfylke er sterkt råka av tekniske inngrep som råkar natur- og miljøverdiar sterkt. Når Statnett nå, under tvil, vil byggje ei ny linje i tillegg til allereie eksisterande frå Sauda til Liastølen, hadde me difor forventa alternative traseval. Vår konklusjon er difor at ein må utgreie alternativ som tek natur- og bruken av natur meir på alvor. Bruk av kabel bør inngå i eit eller fleire slike alternativ. Riving av eksisterande linje likeså.

Om ein må velje blant Statnett sine alternativ er 1.2.1 med parallellføring med eksisterande linje i Hylen sterkt å foretrekke framfor andre alternativ.

Om naturområda
Inngrep i samband med utbygging og overføring av energi, gjer ar regionen er sterkt belasta med ulike inngrep. Fylket har difor svært lite areal som kan kallast «urørt». Skaulenområdet, fjellområdet mellom Sauda og Hylen, utgjer eit unikt landskap urørt av vasskraftutbygging. Etter Direktoratet for naturforvaltning si meining har området så store naturverdiar at det skal ligge utan vidare tilrettelegging for friluftsliv, sjølv røde T-ar er uønskt. Også konsekvensutredningane og høyringa til NVE i samband med planlagd utviding av kraftanlegga i Sauda (Saudaprosjektet), fortalde at her er store naturverdiar på spel. Naturvernforbundet i Suldal meinar at ein på sikt bør føre området tilbake til urørt natur, dvs å fjerne eksisterande linje. Dette i kontrast til Statnett sin søknad.

Alternative trasear
I Statnett si systemvurdering i samband med konsekvensutgreiinga kjem det fram at det er usikkert kor naudsynt det er å bygge den omsøkte linja. Dette er sjølvsagt den viktigaste diskusjonen.

Om linja er naudsynt må ein finne ut kor og korleis ein kan leggje ei ny linje. Då bør det være eit krav at ein har fleire alternative trasear å velje blant. Naturvernforbundet i Suldal kan ikkje sjå at dette er tilfelle. Me saknar alternativ

  • der jordkabel inngår, t.d. i tunnel frå Sauda til Hylen, frå Tengesdal til Hylen, frå Vardafjell til Vasstølen, passering av Suldalsvatnet (begge linjer)
  • der ei ny 420kV linje vert lagt i den eksisterande traseen, mens den gamle 300kV vert rive. Da vil ikkje konsekvensane for landskapet bli verre enn i dag samstundes som overføringskapasiteten utvidast monaleg.

Statnett har i sin søknad berre alternative val for passering over Hylsfjorden. Alternativ 1.0 og 1.01 er så konfliktfylte at det er vanskeleg å skjøne at desse kan være eit seriøst alternativ til parallellgong med eksisterande linje. Riktig nok er dei 15 millioner kroner billigare for utbygger, men dette kan ikkje forsvare at

  • linja vil krysse over fjellområdet ved Vinjarnuten som i dag er relativt urørt og som har ein liten reinstamme som vil kunne komme i direkte konflikt med linja.
  • luftspennet over Hylsfjorden vil være svært estetisk skjemmande i eit elles urørt område. Det vil og komme i konflikt med kulturverninteressene i tilknyting til Selland og Lingvong.
  • Linja vil være særleg problematisk ovanfor rovfugl og lom

Naturvernforbundet i Suldal er også svært kritisk til alternativ 1.2. Sjølv ei ny linje ved sida av den eksisterande traseen vil ha store negative konsekvensar for landskapsbilete i Hylen og ved Kolbeinstveit der linja kryssar Suldalsvatnet.

Dersom det blir gitt konsesjon etter alternativ 1.2 bør det stillast krav om at linja blir parallellført med den eksisterande linja. Ei slik løysing vil få mindre konsekvensar for landskapsbilete i Hylen.

For Naturvernforbundet i Suldal

Relaterte saker:

Konsesjonsøknaden fra Statnett

Alt om Saudautbyggingen: Vernegruppa

6.10.02 Statnett må gå en ny runde

Høringsuttalelse fra SABIMA

NU: Sammenheng mellom gasskraftverk og kraftlinjer

25 mil kraftlinjer rives

Naturvernforbundet uttaler seg negativt om ny kraftlinje