Samordning av planlagte vindkraftanlegg på Høg-Jæren
Denne artikkelen er automatisk importert, og kan inneholde formatfeil. Ta kontakt med rogaland@naturvern.no dersom du vil vi skal redigere artikkelen.
NATURVERNFORBUNDET I ROGALAND
25. februar 2003 samordning av planlagte vindkraftanlegg på Høg-Jæren
Stavanger den 28.01.2004
NVE
Postboks 5091, Majorstua
0301 Oslo Stavanger 28.08.03
Behov for samordna planlegging – planlagt vindkraftanlegg Høg-Jæren (Time/Hå), planar om vindkraftanlegg Lakssvelafjellet og Gravdal (Bjerkreim)
Jæren energi AS har planlagt vindkraftanlegg på Høg Jæren. Shell planlegg vindkraftanlegg på Moifjellet (Bjerkreim kommune), og Fred Olsen Renewables har planar om det same i Gravdal (Bjerkreim kommune). Dei to sistnemde ligg utanfor området som inngår i «Egnethetsanalyse for vindkraft i Rogaland».
Alle dei tre områda ligg i overgangen mellom Dalane og Jæren. Avstanden mellom desse påtenkte parkane er liten. Landskapsmessig er det ein naturleg samanheng mellom dei to områda i Bjerkreim og Høg-Jæren. Ut frå mellom anna dette meinar Naturvernforbundet i Rogaland at Norges vassdrags- og energidirektorat må utsetja beslutningsprosessen til det planlagde vindkraftanlegget på Høg-Jæren til alle dei tre moglege vindparkane er vurdert i samanheng.
Naturvernforbundet i Rogaland meinar at er naturleg at NVE sørger for at det blei teke overordna grep i ei så stor sak som dette for denne delen av Rogaland. Etter det Naturvernforbundet i Rogaland kjenner til, er det her snakk om ei samla investeringar på mellom 1,5 til 2 milliarder kroner. Naturvernforbundet i Rogaland oppmoder med dette NVE til å bidra til at tiltakshavarane; Jæren Energi AS, Shell og Fred Olsen Renewables blir pålagt til å gå saman for å lage ein plan plan for framtidig utnytting av Høg-Jæren samt Låg Heiane i Bjerkreim til vindkraftformål.
Utan om det som er nemnd ovanfor bør siktemålet med å laga ein slik plan vera:
1) At tiltakshavar synleggjer for seg sjølv og andre intersserte ein samla oversikt over eksisterande og planlagt utnytting av vindkraften som er tilgjengeleg på Høg-Jæren og i låg-heiane i Bjerkreim.
2) Kartleggja moglege konklikter mellom planane i samanheng og miljø.
3) Ein oversiktplan for dette området som utgjer ein heilskap vil vera eit viktig utgangspunkt for vidare planlegging.
Genrelt vil Naturvernforbundet at Rogaland òg skal produsera straum i form av vindkraft, men Naturvernforbundet i Rogaland ønskjer samtidig ei best mogleg arealforvaltning. Då må ein sjå kva kvalitetar heile dette aktuelle området har og vurdera kva det kan tola av anlegg. Sagt på en anna måte må vindkraftanlegg lokaliserast ut fra kriterier som blir fastlagt i «egnethetsanalyser», fylkesplanar, fylkesdelsplanar, kommuneplanar, områdeplanar og anna regel – og lovverk. I Rogaland må lokalisering styrast i forhold til de kriteriene som er lagt til grunn for «egnethetsanalyse for vindkraft i Rogaland», utgitt av Rogaland fylkeskommune 2000.
Med hilsen
Naturvernforbundet i Rogaland
Jørund Ubøe Soma
Styreleder
Erik Thoring
Daglig leder
Saksbehandler: Ståle Undheim, Styremedlem
Gjenpart til:
Hå kommune
Time kommune
Bjerkreim kommune
Rogaland fylkeskommune
Fylkesmannen i Rogaland
Norges Naturvernforbund
Forum for Natur og Friluftsliv i Rogaland
Relaterte saker:
-Vindmøller må utsettes (NRK)
NVE avviser samlet plan for vindmøller (Stavanger Aftenblad)
Det stig av hav eit vindmølleland
Naturvernforbundet i Rogaland vil frarå utbygger å videreføre vindmølleprosjektet på Høg-Jæren
Myrsnipa stoppar vindmøller (NRK Rogaland)
Motvind for Jær-møller (Stavanger Aftenblad)
Fylkesrådmannen frarår vindmøllepark (Stavanger Aftenblad)
Flere vindmøller til Jæren (TV Vest)