Den nye vindkraftadelen

«I staden for konkrete tiltak som går laus på utsleppa, har vi fått ein klimapolitikk som stimulerer ein ny kraftbonanza. Resultatet kan bli naturøydelegging i slikt omfang at vi må tilbake til den mest aggressive vasskraftepoken på 1960-talet for å finne maken, medan klimaendringane går sin gang.»

Den nye vindkraftadelen

Av Erik Solheim, tidligare leiar Norges Naturvernforbund
Erik Thoring, dagleg leiar Naturvernforbundet i Rogaland

 Vindkraftpredikantane Ola Borten Moe og Bård Vegar Solhjell forkynte høgstemt den nye tid som skal komme etter at dei tidleg i juli gav konsesjon til fem vindkraftverk i Rogaland.  Kraft nok til 65 000 husstandar, opplyste Borten Moe.  Kjernen i løysinga av klimaproblemet, meinte Solhjell.

            Alle veit at dei 65 000 husa har straum nok frå før.  Folk har til og med stelt seg slik at kvar av oss brukar mindre kraft enn tidlegare.  Sjølv om vi blir fleire, viser tala frå Statistisk Sentralbyrå at det samla forbruket har flata ut.  Forsyningsoppgåva er løyst for mange år sidan.

Med den grunnlause påstanden at meir vindkraft vil drive ned utsleppa av klimagassar, skapar miljøvernministeren vanskar for alle som trur på opplysningsfilosofane.  Dei meinte at vi bør byggje våre oppfatningar på faktisk kunnskap, slik som vi kan registrere og etterprøve, og dei meinte det er sånn kunnskap dei styrande bør halde seg til.  Når vitskapen fortel at menneskeskapte utslepp er med på å hisse opp klimaet, ligg det snublande nær å tenkje at oppgåva for politikarane er å få utsleppa ned.  Men ingen har så langt sett at utsleppa vart mindre av den grunn at fleire kraftverk kom på nettet, heller ikkje i den raudgrøne perioden.  Historia viser den motsette utviklinga; utsleppa og krafttilgangen har vakse i lag.  Solhjell er nok ikkje i stand til å dokumentere noko anna, og han har heller ikkje nokon politikk for å endre denne samanhengen.

På Jæren sa vindkraftstatsrådane ja til fem vindkraftverk som alle ligg på høgste konfliktnivå i den fylkeskommunale vindkraftplanen, ein plan som Miljøverndepartementet ein gong heldt for å vere eit eksemplarisk arbeid.  Men nå skal mange fuglar late livet, og sjeldne landskap bli til enorme industriområde.  Den levande naturen, som har vore eksistensgrunnlaget for Miljøverndepartementet til det siste, må vike for klimadogmatikken.

Men om truga fuglar må flytte høgre opp på raudlista, tenner nok Solhjell og Borten Moe lys i vindkraftindustrien.  Industrien  bretta nyleg ut visjonane for Midt-Noreg.  Berre dei får tak i 50 milliardar kroner, høge nok straumprisar og eit stort nok linenett, kan dei utrette enormt, seier Anders Gaudestad, administrerande direktør i Statkraft Agder Energi.  Statnett står klar med søknader om nye monsterliner, berre det kjem vindkraft nok å transportere. 

Dette skal altså folk flest betale, etter ei finansieringsordning for sentralnettet frå den gongen at utbygging handla om straumforsyning til folket.  Nå må uskuldige straumkjøparar, dersom vindkraftentusiastane får viljen sin, gjennom nettleiga legge mange milliardar kroner i eit større nett for at vindkraftselskapa skal få selt resultatet av kommersiell naturøydelegging.  Dei fleste som driv næring, må betale sine kostnader.  Retningspila i vindkraftpolitikken peikar mot ein kraftadel som legg under seg store areal og får kostnadene dekka ved at folk flest betaler kostnadene med nettet i tillegg til elsertifikata.

I staden for konkrete tiltak som går laus på utsleppa, har vi fått ein klimapolitikk som stimulerer ein ny kraftbonanza.  Resultatet kan bli naturøydelegging i slikt omfang at vi må tilbake til den mest aggressive vasskraftepoken på 1960-talet for å finne maken, medan klimaendringane går sin gang.
Kronikken er tidlegare publisert i Nationen og Rogalands Avis.