Det stig av hav eit vindmølleland

Denne artikkelen er automatisk importert, og kan inneholde formatfeil. Ta kontakt med rogaland@naturvern.no dersom du vil vi skal redigere artikkelen.

NATURVERNFORBUNDET I ROGALAND

29. august 2003 Det stig av hav eit vindmølleland

Publisert som leserinnlegg i Stavanger Aftenblad 25. august 2003 og i Jærbladet.

Av Ståle Undheim, Kleppe

5 september går høyringsfristen ut for konsekvensutgreiinga til vindmølle prosjektet som planlegg opptil 40 vindmøller (150 meter høge) nær Synesvarden på Høg-Jæren. Før jul kan utbyggar (Jæren Energi AS) rekne med å få ei avklaring frå Norges vassdrags- og energiverk (NVE) om prosjektet kan realiserast. Eit eventuelt positivt vedtak frå NVE kan påklagast inn til Olje- og energidepartementet. Tysdag uttaler både formannskapet i Time og hovedutval for næring i Hå seg til konsekvensutgreiinga.

Fjellgarden i aust
Det er opp mot fjellgarden i aust utbyggarane planlegg å reisa dei gigantiske vindmaskinane. Området ligg på randa av Jæren og grensar i sør nær opp til vatnet Storamos og Synesvarden landskapsvernområde. Vindmøllene vil bli synleg frå store delar av Jæren og på klare dager , Nord-Jæren. På fagspråket seier vi at prosjektet har høgt konfliktnivå pga av dei dramatiske konsekvensane tiltaket vil få for landskapsbildet.

Synensvarden er felleseige for Jærbuen Høgt og fritt ligg Synesvarden, (namnet tyder då også «godt synleg») omkring er heile 14 km/2 (Den siste rest av den brune Jæren) verna som landskapsvernområde. Området er verna for sine heilt spesielle kvalitetar innan mangfald av dyr og planer, landskap, istidsformasjonar, kulturminner og friluftsliv. Er du i tvil om kva kvalitetar området har, ta en tur til Synesvarden (359 m), opplev det vakre landskapet, synsranda, lyngheia, Storamos (244 m) og Høg-Jæren med Skjæret og Hellandsmyr (240 m). Sjå Jæren, sjå Kvitsøy, sjå Bokn, sjå havet. Opplev kor godt det er å sitja slik på Jærens tak og ikkje bli forstyrra av nokon ting ! Dette er verdiar som ikkje kan målast i pengar. For eit så tett busett område som Jæren og Nord-Jæren er dette ein verdi som bare blir meir og meir verd i åra som kjem. Her må det ikkje byggjast forstyrrande vindmøller !

Vindmøller ja takk, men ikkje ved Synesvarden !
Langs Noregs lange kyst durar vinden dag og natt, tilhøva for vindkraft er dermed optimale. Samtidig som kraftprisen stig, blir vindkraft utbygging gunstigare og gunstigare. Små og store prosjekt er allereie bygd og enda fleire er under utbygging eller er på planleggingsstadiet. Fleire stader langs kysten finst utmerka områder som utan konflikt kan tåle større vindmølle parker, mange stader er også infrastruktur som gode vegar og tilstrekkeleg linjenett etablert. I Sør i Rogaland peiker områder langs Rv 44 mellom Sokndal og Egersund (Svåheia, Spjotevatnet) seg ut. I nord områder i Tysvær. Min bøn til kommunale og regionale politikarar og NVE er at vindmølle parken på Høg-Jæren blir skrinlagt. Utbyggar bør heller nytta opparbeidd kunnskap og planar til å etablera seg andre stader som ut frå ein heilskapsanalyse er eigna til vindmølle parkar.

Rogalandsnaturen for fall ?
Er rogalandsnaturen mindre verd enn naturen i resten av landet, eller er folket i Rogaland mindre glad i naturen enn nordmenn flest, eller tek ikkje politikarar omsyn til viktige nasjonale eller regionale miljø, natur eller kulturkvalitetar når utbyggingsprosjekt skal avgjerast i fylket vårt ? Ut frå dei fleste vurderingar har Rogalands naturen eineståande kvalitetar. Oppslutninga om friluftsliv til hav, strand, lågland og hei, tyder på at innbyggjarane i Rogaland er glad i naturen sin. Men det same kan ein dessverre ikkje seie om dagens rogalandspolitikarar. Sjølv om Rogaland sidan byrjinga av 1970 åra og fram til i dag har delteke meir enn dei fleste fylka til den nasjonale kraftforsyninga (i hovudsak utbygging av vannkraft) sel stadig våre politikarar verdfulle restar av Rogalandsnaturen for ein neve kroner. Siste spiker i naturkista var vedtaket om utbygginga av Saudavassdraget. Skal det framover bare bli «tut og kjør» for kraftbransjen i Rogaland ? Faktumet er at det i desse dagar blir lagt gassrøyr frå Kårstø til Tanganer. Lyse vil byggja gasskraftverk i Sola, samt fjernvarme på Nord-Jæren. På Kårstø er det gitt konsesjon til naturkraft for enda eit gasskraftverk. Lyse/Dalane energi har planar om ein konflikt fylt utbygging i Bjerkreimsvassdraget til 0.7 twh. I tillegg arbeider Stat kraft med planar om kabel frå Suldal til England. Oppsummert føreligg det nå planer om energiproduksjon tilsvarande 11 twh. Noko som er ei dobling av Rogaland sin kraftproduksjon i dag. Behovet er langt, langt mindre. Investeringane ligg i storleiken 18 milliardar kroner, kor det meste er tenkt dekka av offentlege midlar. Sett i dette perspektivet er det då ikkje meiningslaust å byggja ein konfliktfylt vindmøllepark midt i det flottaste landskapet vi har att på Jæren ?

Merkevaren Jæren – det opne landskapet Landskapet på Høg-Jæren er saman med Jærstrendene, det vi reknar som det mest spesielle med Jæren. Desse plassene visar vi villig vekk til framande, her legg vi sjølv helge turen. Eg trur ikkje vi Jærbuar (40 tusen innbyggjarar i Hå, Time og Klepp) vil ikkje ha 150 meter høge mega vindmøller som tek synsranda frå Synesvarden. Dette området må forbli urørt. Her vil vi ta med våre barn og barnebarn å sjå Jæren. Gode Time og Hå kommune sei nei til vindmølle prosjektet på Skjæret.

Relaterte saker:

Myrsnipa stoppar vindmøller (NRK Rogaland)

Motvind for Jær-møller (Stavanger Aftenblad)

Fylkesrådmannen frarår vindmøllepark (Stavanger Aftenblad)

Flere vindmøller til Jæren (TV Vest)

Norsk Vind Energi as