-Eit besøkssenter verdt å besøkja

– For eit senter de i Naturvernforbundet har laga til! Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa sparte ikkje på godorda då ho opna Inge Steenslands Hus torsdag 22.september. Her er talen hennar:

Kjære alle saman!

Gratulerer med dagen!

Eg var innom her i førre veke.

Eg vart imponert!

For eit senter de i Naturvernforbundet har laga til!

Dette er jo verkeleg eit besøkssenter som er verdt å besøkja om att og om att!

Med Inge Steenslands Hus kan barn og unge få heilt unike naturopplevingar;

skuleklassar, barnehagegrupper, barn og foreldre, tanter, onklar, besteforeldre,-

Og elles kven som helst,- foredrag, seminar, utstillingar,- liv og røre frå morgon til kveld!

Gratulerer til Inge Steenslands Stiftelse som såg moglegheita til å bidra til eit miljøfyrtårn av eit bygg!

Høgaste standard etter Tek 10, høgteknologisk varmepumpeløysing, furer frå Suldal som ikkje treng malast, grønt tak som er bra for naturmangfaldet, fordrøyer nedbør og isolerer godt!

Ein flott og framtidsretta måte å heidra krigshelten og friluftsmannen Inge Steensland på!  

Samstundes set de og gamle Mostun tilbake i same stil som då BUL i si tid dreiv kafe her.

Gammalt og nytt speglar seg i kvarandre, det må jo vera kjekt for mange organisasjonsfolk å møtast her, for mimring og for planlegging av nye aktivitetar!

Det bynære friluftslivet er i framgang.

Desse flotte lokala gir eit unikt høve til både å stetta behovet for kaffi og vaflar og utvida kunnskapen om dei viktige naturverdiane vi har langs Jæren.

Besøksenter Våtmark Jæren har med dette nye huset fått ein ny stad å invitera til.

Saman med friluftshuset på Orre og fyret på Kvassheim vil kompetansen og engasjementet omkring Rogalandsnaturen ha enda betre føresetnader framover!

Samarbeidet med Jæren Friluftsråd legg til rette for akkurat det!

Eg må jo og understreka, så fort som det har gått å få huset bygd, de må ha hatt med ein velvillig Stavanger kommune å gjera!

Det er oppmuntrande at besøkstala for alle anlegga vil passera 60 000 i 2016,-

No er det rom for enda høgare tal komande år!

Til slutt: Honnør til eldsjelene i Naturvernforbundet i Rogaland som starta natursenter på Mostun i 2011, og som saman med Norsk Ornitologisk Forening og Norsk Botanisk forening står på,

med tid, ressursar, dugnad og frivillighet.

Dette er eit glimrande døme på kva som går an å få til når private gåver og offentlege midlar stimulerer frivillige!

Med dette erklærer eg Inge Steenslands Hus for opna!

(Gåve: Ein stol frå Fylkesmannen)