Familiedag – Bli med i kampen mot marin forsøpling!
Bli med oss i kampen mot marin forsøpling!
Havet renn over av plastikk, og kampen for å redusere bruken av plast er i gang. I staden for å nytte plastposar, kva med å nytte ditt eigeproduserte tøynett?
Velkommen til tøynett-verkstad for store og små! Her kan du kan male og dekorere ditt eige nett heilt etter eige ønske – berre fantasien set grenser. Kanskje det vært eit skonett, ein ny pose til gymkleda, ei nyttig julegåve, eller eit nett til å samle strikketøyet i?
Tøynetta kostar 50,- stk, me stiller med maling og penslar!
Det kan vera lurt å ha på seg klede ein ikkje er redde for, som tålar ein potensiell malingsflekk.
Me jobbar også for å få på plass ein reparasjonskafé – slik at du kan forlenge livet til noko du allereie har istaden for at det går i søpla. Alle reparasjonar er gratis.
På tunet setter me opp bålpanna slik at du kan grille noko medbrakt eller forsyne deg med varm saft.
Velkommen!