Klage på vedtak om byggjing av Storheivegen i Sauda

Ved administrativt vedtak har Sauda kommune gitt byggjeløyve av landbruksveg forbi Tjelmen til Storehei (Storeheivegen). Naturvernforbundet i Rogaland meiner natur-, kultur og friluftslivsverdiar ikkje er verdsett høgt nok i vedtaket, mens dei økonomiske fordelane er verdsett for høgt. Me reagerer og på sakshandsaminga i saka.

NATURVERNFORBUNDET I ROGALAND

Sauda kommune Rådhuset 4230 Sauda

Stavanger 1.6.04

Klage på vedtak om byggjing av Storheivegen i Sauda

Ved administrativt vedtak har Sauda kommune gitt byggjeløyve av landbruksveg forbi Tjelmen til Storehei (Storeheivegen). Naturvernforbundet i Rogaland meiner natur-, kultur og friluftslivsverdiar ikkje er verdsett høgt nok i vedtaket, mens dei økonomiske fordelane er verdsett for høgt. Me reagerer og på sakshandsaminga i saka.
(Me vil gjere merksam på at me har fått utsett angrefristen då vedtaket kom oss i hende for berre ei veke sidan).
Natur, kultur og friluftsliv

Tjelmenområdet er eit gamalt stølsområde som i dag er svært viktig for friluftsliv i Sauda. Her, men og i Krugdal kor vegen og vil gå forbi, er det fleire hytter. Området er mykje nytta av hyttefolk, men og av andre. I vatnet på Tjelmen er det eit yrande badeliv. Området er ein viktig innfallsport til Skaulenområdet.

Gjennom debatten om kraftutbygging i Saudafjella var området ein sentral del av det naturverninteressene ville verne om. Slik blei det ikkje, Stortinget gikk inn for utbygging av Sagåna. Eit av kronargumenta for å byggje ut, både frå politikarane i Sauda, Rogaland og på Stortinget, var at dette var ei skånsam utbygging med få inngrep.

For oss synest det klårt Elkem ikkje ville fått løyve til å byggje ein slik veg. Det er då eit paradoks at ein i denne saka gjer vedtak om bygging utan ein gong å gjere den politisk.

Vegen vil:

  • gripe inn i kulturlandskapet. Delar av den gamle stølsvegen vil bli øydelagd.
  • gi støy i eit viktig friluftsområde.
  • gi ein reduksjon av inngrepsfri natur (sone 2, 1-3 km frå tekniske inngrep).
  • I følgje fylkesmannen vil det meste av vegen ligge innanfor verneskoggrensa i Sauda.

Interesser i vegen I søknad datert 18.03.04 er interessene i vegen oppgitt å vere 100% skoginteresser. Frå kommunen vert interessene oppgitt å vere skogdrift (30 %), tilkomst til fjellbeite (30 %) og jakt og fiske (40%) (tala i parentes oppgitt av Fylkesmannen). I §3 3 første avsnitt i vegforskrifta heiter det at «vedtaket må bygge på at de landbruksressurser veien har betydning for, skal kunne utnyttes på en rasjonell og regningssvarende måte». Naturvernforbundet meiner det ikkje er dokumentert at tiltaket vil være lønnsamt i samband med nåverande eller framtidig landbruksdrift. Me vil og poengtere at jakt og fiske ikkje er definert som landbruksinteresser etter forskrifta. Fylkesmannen er klar på at dette, utifrå framlagde tal, ikkje er ein økonomisk veg. Naturvernforbundet kan ikkje la vere å spekulere i om det ligg andre interesser bak, då det kan tenkes at både Elkem og Statnett vil kunne dra nytte av vegen.

Sakshandsaming
«Men vegen kunne både blitt planlagt og arbeidet sett i gang før ålmenta vart kjent med prosjektet.» Sitatet er frå Haugesunds Avis. «Årsaka er å finne i eit kommunalt delegasjonsreglement som gjer saksgangen mykje enklare, men samstundes held prosessen utanfor folkevalde organ som ville gjort saka meir kjent på eit tidlegare tidspunkt»

Tiltaket vil heilt klårt påverke allmenne interesser. Naturvernforbundet er difor sterkt ueinig i saksgongen og vil be Sauda kommune vurdere om delegasjonsregelement fungerer slik det er tiltenkt.

Naturvernforbundet meinar denne konkrete saka burde vore vurdert etter plan og bygningslova. Vegforskrifta er klår på at «dersom annen virksomhet knyttet til landbrukseiendom eller landbruksarealer utgjør en vesentlig del av formålet med veien (hytter, fritidsaktiviteter, foredlingsvirksomhet, boliger o.l.), forutsettes det at kommunen behandler søknaden etter plan- og bygningsloven».

Konklusjon Naturvernforbundet i Rogaland går sterkt i mot utbygging av Storheivegen som me meiner er ei nedbygging av naturen i Sauda. Vedtaket om bygging av vegen står ikkje i rimeleg forhold til inngrepet i natur og kulturlandskapet.

Interessene og økonomien i vegen er dårleg dokumentert og vegforskrifta er ikkje oppfylt. Naturvernforbundet i Rogaland anker difor vedtaket.

Med helsing Naturvernforbundet i Rogaland

Jørund Ubøe Soma (s)
Styreleiar

Erik Thoring Dagleg leiar


Sakshandsamer: Jarle Lunde

Gjenpart til:
Fylkesmannen i Rogaland, landbruk og miljø

Siste saker:

Grønt lys for vegen (Haugesunds Avis)


Klage – søknad om bygging av landbruksveg (Fylkesmannen i Rogaland)