Meir fokus på restareala i landbruket

Det er naudsynt med meir informasjon til bøndene rundt naturverdiar og tilskotsordningar for sikring og skjøtsel av restareal. Aksjon Jærvassdrag og Fylkesmannen si landbruksavdeling bør prioritere dette framover, gjerne gjennom «Prosjekt for frivillige tiltak i landbruket». M.a. dette skriv Naturvernforbundet i ei fråsegn om biologisk mangfald i jordbrukslandskapet.

Biologisk mangfold i jordbrukslandskapet – nokre innspell frå Naturvernforbundet i Rogaland

Innspela nedanfor er basert på innleiingar og debatt frå fagtur og ope møte som Naturvernfornbundet arrangerte på Nord-Jæren/Sandnes rådhus tirsdag 28.mars 2006.

Det intensivt drevne landbruket er prega av monokultur, mens fuktig, ugjødsla beitemark har eit rikt mangfald av planter og dyr. Det er derfor viktig at både grunniegar og kommune vert merksame på desse aller siste restane av «brune Jæren».

Det er naudsynt med meir informasjon til bøndene rundt naturverdiar og tilskotsordningar for sikring og skjøtsel av restareal. Aksjon Jærvassdrag og Fylkesmannen si Landbruksavdeling bør prioritere dette framover, gjerne gjennom ”Prosjekt for frivillige tiltak i landbruket”.

Eit vilkår for at Regionalt Miljøprogram for Landbruket i Rogaland kan gjennomførast på lik linje gjennom heile fylket, er at kommunane fullfører arbeidet med registrering av biologisk mangfold på ein grundig måte. Kommunane bør ta omsyn til opplevelsen og dei pedagogiske ressursane som ligg i desse areala, og gjerne ta sjølvstendige initiativ for å inngå samarbeidsavtalar med grunneigarar, jfr Heigremyrå i Sandnes.

Kommunane bør utarbeide harmoniserte retningslinjer for håndtering av søknader om nydyrking/massedeponering i restareal. I kommuneplanane bør det på dyrka mark utpeikast egna deponiområder med spesifiserte krav til avrenning, arrondering, sikring mot dumping av ureint avfall etc. Sola kommune har erfaring og kompetanse på dette området.

Etablering av renseparkar kan komme i konflikt med det biologiske mangfoldet. Renseparkane må kun byggast på dyrka mark, ikkje i restareal. Både grunneigarar og forvaltning må få opp augene for våtmarksområdene sin funksjon som effektive renseparkar og som «buffer» ved større nedbørsmengder.

Fylkesdelplan for grus og pukk på Jæren bør vurdere om massedeponi kan etablerast i eksisterande, nedlagte eller framtidige sand- og grustak.

Jordvern og sikring av restareal (langsiktige landbruksgrenser) kan være ei felles sak for naturvern- og landbruksinteressene. Ein bør prøve å unngå ein type debatt der jordvernet og vernet av naturverdiar vert sett opp mot kvarande, og heller danne ein felles front i arbeidet for å bevare det Jærske kulturlandskapet.

Stavanger 07.04.06
Sakshandsamare:
Erik Thoring
Tone Telnes