Møt Naturvernforbundet på Gladmat-festivalen!
Naturvernforbundet i Rogaland deltek på årets Gladmat-festival i Stavanger frå onsdag 26. juli til lørdag 29. juli. Vi deltek med utstilling og informasjon om det opne kulturlandskapet som no er trua av attgroing. Nedleggjing av gardsbruk og færre beitedyr vil føre til tap av trua arter og mindre kortreist mat. Møt Naturvernforbundet og inviterte organisasjonar, kommunar og enkeltpersonar på stand nummer 76 på Skagenkaien. Programmet finn du her.
Høg himmel – opne landskap
Sjå Naturvernforbundets stand om kulturlandskap i Rogaland som er trua av attgroing. Møt organisasjonar, kommunar og enkeltpersonar som på kvar sitt vis er opptekne av å behalde levande bygder og levande landskap. På stand nummer 76 (Skagenkaien) vil du forutan Naturvernforbundet, treffe fylgjande:
Onsdag 26. juli:
Kl. 14-16: Rogaland Bonde- og småbrukarlag
Torsdag 27. juli:
Kl. 13-15: Forsand kommune ved ordførar Ingeborg Søyland Kl. 16-18: Rennesøy kommune. Lyngbeiteprosjekt Hodne, Helland, Bø
Kl. 18-21: Finnøy Villsau- og kulturlandskapslag
Fredag 28. juli:
Kl. 12-14: Fylkesmannen i Rogaland. Miljøvern og landbruksavdelingene Kl. 14-16: Forsand kommune. Lysefjord-prosjektet Kl. 16-18: Strand Bondelag Kl. 18-20: Hjelmeland Turlag og Stavanger Turistforening
Lørdag 29. juli:
Kl. 15-17: Rennesøy kommune. Turtilbod i kulturlandskapet Kl. 17-19. Jordvernforeningen
Siste nytt om programmet kan du lese på www.naturvern.no/rogaland