Ny runde i lagmannsretten

Høyesterett har opphevet dommen i Gulating lagmannsrett og dermed blir det en fjerde runde om Tjelmen-veien i Sauda. Som kjent vant Naturvernforbundet saken i Ryfylke tingrett i 2006. Staten aksepterte dommen, men det gjorde i grunneierne. Deres klage ble avvist av lagmannsretten i fjor høst, men denne dommen er nå satt til side av kjæremålsutvalget i Høyesterett.

Høgsteretts kjæremålsutval har oppheva rettsavgjerda i Gulating lagmannsrett, der retten avviste anken frå grunneigarane i ei vegsaka i Sauda fordi den meinte det ikkje låg føre såkalla rettsleg interesse.

Grunneigarane tapte saka i tingretten og fekk ho avvist i lagmannsretten, men får no ein ny sjanse til å realitetsbehandla saka i lagmannsretten. Det sentrale spørsmålet har vore om ankepartane(grunneigarane) åleine har rettsleg interesse i å få overprøvd dommen i tingretten.

Det aktuelle søksmålet gjeld rettskrafta av forvaltningsvedtaket som blei gjort i møte i fylkeslandbruksstyret 2. september 2004. Høgsterett har slått fast at grunneigarane har slik rettsleg interesse i å få overprøvd saka i tingretten. I tillegg dreg også Høgsterett Staten inn att i saka, som ankemotpart for grunneigarane. Sjølv om Staten tidlegare har akseptert dommen i tingretten, blir den no tvungen til å bli med på ein full runde i lagmannsretten.

Saka har bakgrunn i ein søknad frå dei åtte grunneigarane om byggjeløyve til opprusting og nybygging av til saman nærare 3 km bilveg som landbruksveg i Tjelmen-området og opp mot fjellet. Sauda kommune gav byggjeløyve i medhald av «Forskrift om planlegging og godkjenning av veier til landbruksformål.» Dette vedtaket blei klaga inn for Rogaland fylkeslandbruksstyre av ein hytteeigar og Naturvernforbundet i Rogaland.

Etter fleire rundar i Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet enda saka med at fylkeslandbruksstyret sitt ja til bygging blei ståande. Det blei deretter reist søksmål mot Staten og grunneigarane for å få kjent vedtaket i fylkeslandbruksstyret ugyldig. Søksmålet vann fram i tingretten. Anken frå grunneigarane blei avvist i lagmannsretten. Høgsteretts kjæremålsutval gir no grunneigarane medhald i at dei har rett til å få overprøvd saka i lagmannsretten.

(Kjelde: www.fmro.no)

Kjennelse frå Høgsterett sitt kjæremålsutval