SJÅ JÆREN – VINDMØLLE JÆREN

Publisert som leserbrev i Jærbladet fredag 7. januar.

SJÅ JÆREN – VINDMØLLE JÆREN


FLOTTASTE UTSIKTA PÅ JÆREN

Ein juni dag i 2004 tok eg dette bildet. Med bildet har eg fanga den fagre utsikta frå landskapsvernområdet og den populære utfartsstaden Synesvarden. På bildet ser du Lyefjellet/Njåfjellet til høgre. Midt i bildet, på den andre sida av Boknafjorden, i horisonten ser vi godt det høge fjellet som ligg i Bokn. Men det er Jæren, låg-Jæren som dominerar utsikta frå Synesvarden. Me ser store delar av Hå, Time, Klepp, Sola, Randaberg, Stavanger og Sandnes kommunar frå denne staden. Det er ikkje rart at Synesvarden heitar det den heitar!
I området bak den raude løa, nærast i bildet planlegg to mannsfirmaet Jæren Energi å setja opp ein gigant vindmølle park med 23 vindmaskinar som vil raga heile 150 meter til himmels. Saka er som mange kjenner til svært omstridt og saka er derfor påklaga etter energilova, samstundes som fylkesmannen har framsett motsegn (innsigelse) etter plan- og bygningslova. Saka vil derfor i løpet av vinteren 2005 enda opp i to departement, nemleg olje- og energidepartementet (klagen) og miljøverndepartementet (motsegna).
Eg saman med mange fleire meinar at Synesvarden som friluftsområde bli øydelagt for alltid med ei gigantisk vindmølle utbygging i nærleiken. Samstundes vil merkevaren Jæren – det opne landet, Noregs største låglandsslette bli merkbart skadeskutt, dersom dette uvettuge prosjektet ser dagens lys.


«EVIG EIES KUN DET TAPTE»
Studer bildet, utsikta kan vera på lånt tid ! Den raude løa framom i bildet er om lag 60 meter lang, legg merke til kor dominerande den er i landskapet, tenk deg løa sett på ende, den ville da raga 60 meter høgt, men herr Ruud og herr Helvig i Jæren Energi vil setja opp vindmøller som nesten blir ein og ein halv gong høgare. Eg trur ikkje innbyggjarane på Jæren og Nord-Jæren verkeleg kan forstå kva galskap dette er !


DET MÅ MOBILISERAST

Viktig samfunnssaker i Sør-Rogaland har dei siste 30 åra blitt avjorte på overtid !
I Egersund blei «trehusidyllen» Hauen verna for ettertida med eit naudskrik, rundt 1980. I dag er Hauen eit av Egersund sine største ikon. Litt lengre nord i Hå, blei Hå gamle prestegard verna i etterkant av at rivingsløyvet var gjeve (1979). Huset skulle rivast, ny grunn var graven ut. Heldigvis klarte Hå kommune å snu i siste liten og denne for oss i dag uunnverlege kulturskatten blei verna for ettertida. I Bjerkreim hadde Dalane energi og Lyse produksjon planane klare for å leggja delar av det vakre, mangfaldige og heilt spesielle vassdraget i røyr. Men i løpet av 2003, 2004 mobiliserte organisasjonar som Naturvernforbundet i Rogaland, Stavanger turistforeining og Noregs jeger- og fiskeforeining, avdeling Rogaland med fleire merkbar motkraft mot planane, med det resultat at Regjeringa innstilte på vern i juni i fjor og derfor med støtte frå Sv og Ap blir Bjerkreimsvassdraget endeleg verna mot større kraftutbyggingar i eit Stortingsvedtak i februar 2005. Til umåteleg lukke for folket i Rogaland og dei framtidige generasjonane.
For vindmølle prosjektet på Høg-Jæren kan det sjå ut som om Jæren energi sin effektive lobby har nådd fram for dei som sitt med makta til å sei nei eller ja til prosjektet. Men igjen ting er avgjort. Det er derfor heilt naudsynt at du Jærbu, eller Sandnes gauk, Siddis eller Sola eller Randaberg bu engasjerar deg i saka. Skriv lesar brev, sendt brev til olje- og energi departementet eller miljøverndepatementet, eller ta kontakt med Naturvernforbundet i Rogaland eller andre sentrale natur og friluftsorganisasjonar. Hiv deg rundt før det er for seint, slik at vi også i framtida kan sjå Jæren, gamle Jæren uavbrote frå Synesvarden.


Tekst og foto Ståle Undheim, Naturvernforbundet i Rogaland.