Sjå Rogalands vakraste fjelldal

Kvanndalen landskapsvernområde inst i Suldal kommune er meir enn dalen som har gjeve namn til området. Her finn vi også Rogalands tre høgaste fjelltoppar, ein rik flora, viktige trekkvegar for villreinen og mange kulturminne i samband med ferdsle, stølsdrift og reinsdyrfangst. No kan du sjå film fra eit av dei vakraste naturområda i Rogaland.

Jarle Lunde

Filmen er laga av Jarle Lunde og Alf Odden og er publisert på nettstaden til Suldal kommune. Nettstaden er ein god stad å starte for alle som vil gjere seg bedre kjent med naturen i den geografisk  største kommunen i  fylket. På nettstaden er det frå før ein film fra Lingvongfossen som er temt av kraftuttbyggarane.

Kvanndalen er ikkje truga av kraftutbygging. Dalen med fjellsider er i dag eit  landskapsvernområdet på omlag 84 km2 og blei verna i 1997.