Sørlig myrsnipe: ? Føre var-prinsippet bles bort
Denne artikkelen er automatisk importert, og kan inneholde formatfeil. Ta kontakt med rogaland@naturvern.no dersom du vil vi skal redigere artikkelen.
NATURVERNFORBUNDET I ROGALAND
Telefon: 51 52 88 11, Telefax: 51 52 88 15. E-post: rogaland@naturvern.no
Postboks 441, 4002 STAVANGER
Norges vassdrags- og energidirektorat
Postboks 5901 Majorstua 0301 OSLO
Deres referanse: 200100657-115 kte/ihb
JÆREN ENERGI AS: Høg-Jæren vindkraft med tilhøyrande infrastruktur, høyring av tilleggsopplysningar
Naturvernforbundet i Rogaland viser til tilsendt høyring datert 02.04.2004 og har følgende innspill i ovannnemnde, (det blir elles vist til tidlegare innspell i saka):
Sørlig myrsnipe: ? førevar prinsippet bles bort.
Jæren Energi AS underslår det faktum at Statens naturoppsyn v/Knut Henrik Dagestad har registrert sørlig myrsnipe i området – med sannsynleg hekking. Jæren Energi AS velgjer å konkludere med at det ikkje er hekkande sørlig myrsnipe i området og at det derfor ikkje er nokon konflikt mellom utbygging og fugl. Dette er oppsiktsvekkjande når Høg-Jæren er kjerneområde for sørlig myrsnipe. Noko av poenget med en konsekvensutredning er å avklare moglege konfliktar. Det blir totalt meiningslaust når eit prosjekt med ein investering på mellom 500- 600 millioner kroner ikkje har råd til å gjennomføre ein eller to feltsesonger for å klargjere om sørlig myrsnipe hekkar i området og i kva omfang, og kor stor utbreiing for arten er på denne delen av Jæren. Det er ikkje godt nok når rapporten/Jæren Energi skriv at det generelt hadde vore interessant med meir informasjon om tilhøvet mellom vindmølleparkar og fugl, men at det ikkje har nokon hensikt i dette området da kunnskapsgrunnlaget er for dårlig. Poenget må då sjølvsagt vera at ein må skaffe seg det og ikkje rote seg bort med å vise til at sørlig myrsnipe greier seg sjølv om det skyte med skarpt rundt øyra til fuglen, jf. referansen til Holgersen og skyting på Revtangen.
Naturvernforbundet i Rogaland meinar at det må gjennomførast ein kartlegging i 2 feltsesongar i høve til sørlig myrsnipe, prosjektet er ikkje tilstrekkeleg opplyst før ei slik kartlegging ligg på bordet.
Naturvernforbundet i Rogaland viser elles til alle høyringsfråsegnene som sterkt har frarådd prosjektet ut frå nasjonal arealpolitikk og ber om at NVE gir ikkje gir konsesjon til prosjektet.
Naturvernforbundet i Rogaland vil elles peike på at dei områda som er tatt ut av planen er område som ikkje Jæren Energi AS har klart å få avtale med grunneier om utnytting av vindkrafta. Grunneieraren her strekt i mot hele prosjektet og kjem aldri til å gå med på ein frivillig avtale med Jæren Energi AS. Eigedomen ligg i Time kommune og ordfører i Time kommune har uttalt til Jærbladet, nov 2003 at kommunen aldri vil gå til det skrittet å godkjenne oreigning for oppføring av vindmøller i det aktuelle området.
Vindkraftverk må lokaliserast etter fylkesdelsplanar
Generelt i forhold til den planlagte vindmølle parken på Høg-Jæren vil naturvernforbundet i Rogaland tilføye at grøne-sertifikat (statsstøtte for mellom anna vindkraft) blir truleg innført i Norge i løpet av år 2005 eller 2006. Skjer dette vil kjempestore vindkraftanlegg – som til dømes Høg-Jæren prosjektet – bli økonomisk lønnsamt. Dei økonomisk lyse framtidsutsiktene har skapt svært stor optimisme i vindkraftbransjen i Norge, med det resultat at det snart er planar om eit vindkraftanlegg på kvar ein eksponert haug eller hammar langs Norges vakre kyst og fjordlandskap. Sjølv om det nasjonale målet på 3 Twh produsert vindkraft innan år 2010 trygt er innan rekkevidde, skjer i dag planlegging av vindkraftanlegg etter impulsmetoden.
Situasjonen i Rogaland er representativ for landet elles. Planlagt utbygging på Høg-Jæren syner at utbyggjar planlegg ein omfattande vindkraftpark med store negative konsekvenser og med høgt konfliktnivå, sakleg, godt argumentert og heilheitleg planlegging er ikkje blitt teke i bruk. At situasjonen er slik den er kan vi takka NVE sin manglande evne og vilje til å styre denne viktige delen av energisektoren for. Naturvernforbundet i Rogaland trur Norge i verdsmålestokk kan ut frå svært gode naturgjevne forhold bli rimeleg store innan vindkraftproduksjon. Føresetnad for seriøs og langsiktig satsing er at planlegging og ikkje minst lokalisering av vindkraftanlegg skjer etter gode overordna arealforvaltningsprosesser og innafor ramma av nasjonal og regional arealpolitikk. Som eit rekkefølgje krav meinar Naturvernforbundet i Rogaland at større vindkraftanlegg i Rogaland ikkje må takast opp til konsesjonshandsaming etter energilova før det føreligg ein fylkedelplan for vindkraft. I denne samanhengen har Naturvernforbundet skrive brev til Rogaland fylkeskommune ved fylkesordførar og fylkesvaraordførar at fylkeskommunen bør gjera følgjande:
1) «Egnethetsanalysen for vindkraft i Rogaland» må reviderast og utvidast geografisk med Bjerkreim, Lund, Gjesdal, Sandnes etc.
2) Det blir utarbeida ein fylkesdelplan for vindkraft utbygging i Rogaland ut frå revidert «egnethetsanalyse».
3) Rogaland fylkeskommune gjer framlegg overfor NVE, Olje- og energidepartementet og miljøverndepartementet å utsetje handsaminga av vindkraftanlegg etter energilova i Rogaland inntil fylkesdelplanen for vindkraft føreligg.
Ein fylkesdelplan for vindkraft i Rogaland vil passe godt inn i rekka av nyttige fylkesdelplanar til planfylket Rogaland. Naturvernforbundet i Rogaland minner om at Rogaland fylkeskommune i mange samanhengar har hausta heider og ære både internasjonalt og nasjonalt for god og samordna arealplanlegging, anten det gjeld næring, kultur, natur, friluftsliv, kystsone, jordbruk, samferdsel, eller bustadutbygging. Kanskje landet elles skal sjå til Rogaland som eit føregangsfylke på overordna planlegging for vindkraft også ?
Naturvernforbundet i Rogaland registrerar at det kjem stadig fleire og fleire fråsegner frå andre fylke som t.d Nord-Trødelag, Nordland og Finnmark som byggjer opp om dette kravet. Naturvernforbundet i Rogaland understrekar også at Reiselivsindustriens landsforbund også har flagga dette synspunktet. Då dei heilt rett meinar at planlaus satsing på vindmøller er øydeleggjande for turistnæringa. Det viser også til at Fremskrittspartiets fraksjonsleiar i stortingets energi- og miljøkomite, Øyvind Vaksdal tar til orde for ein nasjonal plan for vindkraftutbygging og at nye større vindkraftprosjekt må stillast i bero inntil planen føreligg.
Konklusjon:
1) Større vindkraftanlegg i Rogaland må ikkje må takast opp til konsesjonshandsaming etter energilova før det føreligg ein fylkedelplan for vindkraft.
2) Naturvernforbundet i Rogaland meinar at det må gjennomførast ein kartlegging i 2 feltsesongar i høve til sørlig myrsnipe på Høg-Jæren/Hellandsmyr, planlangt vindkraftverket på Høg-Jæren er ikkje tilstrekkeleg opplyst før ei slik kartlegging ligg på bordet.
3) Naturvernforbundet i Rogaland viser elles til alle høyringsfråsegnene som sterkt har frarådd prosjektet ut frå nasjonal arealpolitikk og ber om at NVE gir ikkje gir konsesjon til prosjektet.
Med venleg helsing
Sign: Sign:
Erik Thoring Jørund Ubøe Soma
Dagleg leiar Styreleiar
Ståle Undheim
Sakshandsamar
Kopi til: Time kommune, Hå kommune, Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, FNF Rogaland, NOF Rogaland, miljøverndepartementet.
Siste saker: