Vipedebatten bør nyanseras

Er det rovviltet som er det største trugsmålet mot vipa og andre bakkehekkande arter i jordbrukslandskapet på Jæren? Neppe, meiner vilforvalter Anders T. Braa i miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen.

– Arealdisponering og driftsmetodar er avgjerande viktige for å betre dei fundamentale livsvilkåra for vipa, påpeiker Braa som viser til at det finst gode økonomiske støtteordningar til bønder som ynskjer å drive eit meir vipevennleg jordbruk. 

Braa stiller seg tvilande til at kamp mot rovvilt vil berge vipebestandene. Det er ein krevjande og komplisert strategi der utfallet ikkje er gitt. Men han ynskjer debatten og engasjementet velkommen. Det er viktig for å få til gode og konstruktive tiltak som kan betre situasjonen for fugleartene som lever i jordbrukslandskapet.