Å kalle eit firma som skal bygge KI datasenter – for FOSSEFALL, er grønvasking og kynisk forsøk på manipulering
Les på framsida til lokalavisa vår (VTB 20.10.26), ei ny «gladsak» om datasenter i Fyresdal. Endå eit datasenter i Fyresdal. Spørsmålet er: Er det ei gladsak?
Foto: Torfinn SandenHvis ja – kven er det gladsak for? Dette får vi fyrst svar på ei gong fram i tid.
Det er nok «taktisk klokt» av utbyggar å uttale fylgjande:
«Vi kjem tilbake til kor mange faste arbeidsplassar det vil gje.» Dette er det også framtida som vil gje svar på.
Det vi nå veit er: Dette gjeld også generellt, dvs både regionalt, nasjonalt og globalt.
- Datasenter treng straum, mykje straum – denne straumen kjem frå fossar og vassdrag, vindmøller og solceller. Areala vert «berørt» – eller nedbygd – er natur. Så ja – Fossar står for fall.
- Vi veit også at datasenter påfører enkeltmenneske store negative konsekvensar. Som støy, total endring av store landskapsområder nært opptil fastbuande, kjensla av å ikkje bli enten spurd eller høyrd – som bidreg til utanforskap og fortviling.
- Vi må naturlegvis igjen minne om faren for utslepp til naturen – frå store mengder lagra diesel og enorme mengder overskotsvarme.
- Så må også dette med mangel på demokratiske prosessar nevnast. Døme: Disp. sak i Fyresdal vedr. utviding av datasentertomt – betongverk. Kven fekk nabovarsel? Fekk dei som bur nærast – og som reint faktisk er mest berørt?
Naturvernforbundet meiner å ha god kunnskap om utfordringar og konsekvensar. Fordi vi vert kontakta av mange personar som er sterkt berørt og fortvila. Både lokalt, regionalt og nasjonalt. Vi har også jobba med natur og konsekvensar for natur, ved diverse utbyggingar/nedbyggingar i ei årrekkje.
Difor oppfordrar vi både lokal-, regional- og nasjonalmedia til å lage fleire redaksjonelle artiklar om konsekvensane av desse alvorlege utfordringane. Der makta og utbyggarar må svare ut kritiske spørsmål!
Undertegna nøyrde på programmet EKKO – NRK radio – der vart det vist til ein amerikansk studie:
- Den viste fylgjande. Halvparten (50%) av ungdomen brukar såkalte «KI venner» javnleg.
Er dette ei positiv utvikling? Er dette måten vi vil samfunnet skal utvikle seg på? At fleire og fleire tyr til «kunstige venner» – for å få fellesskap.
Så er eg klar over at det er nokre som ikkje trur på, eller bryr seg om forskning og fakta, og meiner det er viktigare med kortsiktig økonomisk gevinst for dei få, eller nokon meiner «det er bra det skjer noko i bygda, ellers dør bygda ut» . Som om det er viktigare at «noko skjer» , enn kva som skjer.
Vi tenker det er langt viktigare å gjere bygda inkluderande, ta vare på natur og kvarandre. Helse på kavarandre, sjølv om vi er uenige. Ikkje forsøke å «køyre over» alle som ytrar seg med kritiske spørsmål, og forsøke å skremme flest mogleg til taushet.
Til orientering så har ikkje undertegna Facebook konto – og har av den grunn aldri deltatt i debatt der. Så eg bidreg ikkje til debattkulturen der. Dette skriv eg fordi det kan sjå ut som enkelte som har fått publisera tilsvar til mine innlegg i lokalavisa (VTB) – gje meg ansvar for det som skjer på Facebook.
Epilog:
Å kalle eit firma som skal bygge KI datasenter – for FOSSEFALL, er grønvasking og kynisk forsøk på manipulering, og også leik med ord. Kommunikasjonsrådgjevarar i fri flyt. Fakta er at FOSSAR STÅR FOR FALL når staten tildelar slike prosjekt straum heilt ukritisk. Det er mange grunnar til å rope varsko på den bevisstlause bruken av KI – og straumbruken som skjer i samfunnet nå!
Stopp etablering av datasenter inntil ein konsesjonsordning er på plass!