Åpent brev til Telemark sine stortingskandidater

Prioritering av kraft og tilknyting til nettetDu får dette brevet fordi du er kandidat til å bli med i det nye Stortinget frå hausten 2025. Du er sikkert kjend med at det ofte kjem opp diskusjon om kva type verksemd eller føretak som skal få tilgang til kraft. Slik det er no er det Statnett…

Kva har dette ført til?

Det har i fleire år vore mykje snakk om prosjekt som ofte har blitt omtala som viktige for «det grøne skiftet». Her kan nemnast: produksjon av hydrogen, batteri, elektrifisering av olje- og gassproduksjon både til havs og på land og ikkje minst store datasentralar. Dette vil føre til ei kraftig auke i forbruk som igjen vil føre til eit stort press for å byggje ned meir natur med vindkraft eller opne opp for at verna elvar skal bli bygde ut.

I Telemark vil særleg datasenter i Skien (Google) og Drangedal, kanskje òg i Fyresdal, Tokke, Vinje, føre til eit stort forbruk av kraft. Berre Google i Skien, fullt utbygd, vil sluke 7,5 TWh til produksjon av datatenester utan vurdering av samfunnsnytten. Dette er meir enn 5,4 % av noverande årsforbruk i Noreg (137 TWh i 2024), og det fører ikkje til mange varige arbeidsplassar. Dataselskapa jaktar på rimeleg kraft, men no er reklameverdien ved å kunne kalle det fornybar kraft blitt så stor at dei er villige til å risikere høgare pris.

For andre samfunnsnyttige føremål kan denne praksisen få dramatiske følgjer ved at dei stiller bak i køen. Forstå det den som kan.

Når først nettselskapa har lova tilgang til nett, vert andre ønskje om tilgang på straum ståande bak i køen. Slik kan fornuftig omstilling og utvikling av arbeidsplassar bli hindra når tilgang på kraft ikkje får plass.

Kva må gjerast?

Distribusjon av straum krev konsesjon. Statnett har det sentrale transmisjonsnettet og lokale nettselskap har regional- og lokalnett. Dette betyr at det er grunnlag for at det i konsesjonsvilkår kan bli laga nærare retningsliner for kva føremål som kan bli tildelt kraft. Når det nye Stortinget kjem i gang etter valet i september 2025, må det bli ei sentral oppgåve å lage retningsliner for korleis nettet skal bli bygd ut og kva nødvendige samfunnsbehov som

skal få tilgang til elektrisitet. Her må det takast omsyn til nasjonal tryggleik, busetjing, arbeidsplassar og vern av natur mot ny utbygging.

Vi ber difor om at du svarar på følgjande:
Dersom du får plass på Stortinget etter valet 2025, vil du prioritere at det blir laga retningsliner for kva verksemd som skal få tilgang til straum?

Vi ber om eit klart svar, men kom gjerne med eigen kommentar.

Svar sendast til odin.thune@naturvernforbundet.no

Med venleg helsing
Naturvernforbundet i Telemark
Helge Granlund, leiar