Datasenter i Fyresdal
Bryggeparken – Prestestrånda – Moland kyrkje og kyrkjegard – dyrka mark.Alt dette bør nedprioriterast for å få datasenter-hotell, meiner eit einstemmig kommunestyre i Fyresdal!

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK
Kommentarar frå Naturvernforbundet i Vest-Telemark (NVVT).
Ordførar står på for å verkleggjere draumen han har for Fyresdal – og nå med støtte frå heile kommunestyret. Draumen om å endre Fyresdal «godt og grundig», gjeng fram med akselrerarande hastighet. Naturlegvis så kan ein ikkje bry seg så mykje om åpne demokratiske prosessar. Dvs. intensjonane til eit velfungerande demokrati.
Nå skal det bli det slutt på den forferdlege forgubbinga i Fyresdal (uttala av ordførar) – godt då at pensjonistane kan brukast som anleggsarbeidarar på datasentertomta – før dei bankar på dynna til omsorgssenteret. Dette er jau vinn vinn for alle – dobbellønn for pensonistane – pensjon og lønn frå Nordby maskin, samtidig som ordførar kan «skryte av» at dei fleste som jobbar på datasentertomta nå – er frå Fyresdal.
Det er jau godt at pensjonistane kan brukast til noko «konstruktivt»– i tillegg til å bidra med forgubbing. Til nå har eg skrive fakta med eit lite innslag av ironi. Nå skiftar vi «tonen» i innlegget til kun usensurera fakta.
NVVT gje ros til styret i SV for innlegget i VTB! Veldig bra at nokon står åpent fram opp mot dette vedtaket i kommunestyret – viser engasjement. Engasjement er avgjerande – då kan vi presse fram endringar
Det vil vere tragisk om kommunen får omgjort dette området – til hotell- og hotellområde. Dette er eit verna friluftsområde! Med både store gamle furutre, badestrånd, kyrkje og kyrkjegard, eit levande kulturlandskap,eit verna natur- og friluftsområde og dyrka mark.
Det kan ikkje endrast med eit vedtak i eit kommunestyrmøte – utan nokon form for prosess i forkant. Utover at adm. og nokre få politikarar har «jobba med det i ei god tid». Uttale frå kommunen i VTB.
NVVT registrerar også ei anna sak som var oppe i dette kommunestyrmøtet.
Amsterdam – turen til 8 politikarar og 4 frå administyrasjonen. Det har kosta mellom 300.000 og 400.000 kr les eg.
Er det slik dei fører rekneskap i Fyresdal?
Klarar dei ikkje å vere litt meir nøyaktige?
Er det greit å ha eit «slingringsmonn» på 100.000 kr?
NVVT ber om at Fyresdal kommune legg fram eit klart, tydleg spesifisera og nøyaktig rekneskap på kostnadane for Amsterdam-turen.
Det er viktig å vere åpne på bruken av fellesskapets pengar.
Epilog:
NVVT vil jobbe for at Bryggeparken får bestå som eit særs viktig verna friluftsområde – til det beste for fastbuande og tilreisande.
I samarbeid med andre gode krefter i Fyresdal.
Vi treng ikkje næringsverksemd som set krav om hemmleghald for etablering , og vi treng heller ikkje politikarar som argumenterar og benyttar seg av eit slikt hemmleghald, samt utstrakt bruk av hersketeknikkar og maktarroganse.
Dette er uønska og skadlege «ringverknadar» og arbeidsmetodar.
Og….
Sist og kanskje mest alvorleg: Det er farleg for vårt demokrati – slike arbeidsmetodar medfører ei «sakte glidning» mot fråver av demokrati. Det er nok å lese nyhetane kvar dag – for å sjå farene og konsekvensane av ei slik utvikling!
Torfinn Sanden
Naturvernforbundet i Vest-Telemark