Høring om reguleringsplan for Grimåsområdet i Grunningsdalen, Seljord

Naturvernforbundet i Telemark har sendt sin uttalelse til reguleringsplan for Grimåsområdet i Grunnigsdalen, Seljord. Planen er på bygging av ca 400 nye hytter, 900 leiligheter, hotell, skitrekk, badeland med mere. Les uttalelsen her. Naturvernforbundet i Telemark har sendt sin uttalelse om Nape Kraftverk, du finner den her

Reguleringsplan for Grimåsområdet i Grunningsdalen, Seljord

Me viser til søknad frå Magne Reinstaul om godkjenning av reguleringsplan med sikte på å legge til rette for bygging av ca 400 nye hytter, 900 leileghetar, hotell, skitrekk, badeland med meir.

Lifjell er fyrst og fremst eit lokalt og regionalt friluftsområde for Telemark og Vestfold. Med si sentrale plassering er Lifjell svært attraktivt for dagsutfart. Dei seinare åra har tyngre hyttebygging og reiseliv lagt eit større press på fjellnaturen. Det gjeld også Lifjell, der både Bø, Notodden og nå også Seljord synes å ville satse på større utbyggingsprosjekt.

Naturvernforbundet har gjennom lokallaget i Bø engasjert seg sterkt når det gjeld utbygginga på Jønnbu, og har fått gjennomslag for nokre av sine synspunkt. Me vil ha fram at Lifjell er eit svært avgrensa område der tyngre utbygging lett vil gå på kostnad av andre brukargrupper som ønskjer å nytte fjellet til meir tradisjonelt friluftsliv. Fordi området er relativt lite, vil ei tyngre reiselivssatsing også lett kome i konflikt med beiteinteresser og dyreliv.

I andre område, eks Blefjell og Hardangervidda, er fylkesdelplanar nytta som verktøy for å samordne brukarinteressene og få betre fram langsiktige og overordna mål. Dersom ikkje reguleringsplanen for Jønnbu alt var vedteken meiner me ein fylkesdelplan for Lifjell burde ha vore aktuell. Ei eventuell utbygging på Grimås måtte da tilpassast fylkesdelplanen.

Når det gjeld det konkrete planområdet synes det som delar av området, nærare bestemt mellom Grunnåi og den store høgspentlina vil vera mindre konfliktfylt enn dei øvre delane av området. Skibakkar og skitrekk inn forbi Grimaren til ca 1000 m høgde vil derimot rasere store delar av fjellskogen og verneskogen mot fjellet.

Me meiner det nå må stillast spørsmål ved om ikkje tilbodet på alpinbakkar er godt nok i Telemark, og at tida for nye tunge turistsatsingar i fjellet er forbi. Me kan heller ikkje sjå at sysselsetjing skal vera noko tungt argument lenger, særleg med tanke på at reiselivsbransjen lenge synes å ha vore lite attraktiv for norsk arbeidskraft.

Naturvernforbundet vil derfor be om at planen ikkje blir vedteken. Dersom det likevel blir opna for ei vidare utbygging i Grunningsdalen ønskjer me at denne blir lagt til den nedre delen av området, som nemnt tidlegare. Utbygging for alpint bør avgrensast til området rett ovanfor parkeringsplassen og ikkje førast så langt inn i fjellet som planlagt.

Naturvernforbundet i Telemark

Tormod Svartdal, leiar