Klage/bekymringsmelding – Flåmyrane III, sak.99/1 – Vinje kommune.

TilStatsforvaltar i Vestfold og Telemark,Pb 2076,3103 Tønsberg.ogVinje kommune – v/kommunedirektør

Naturvernforbundet i Vest-Telemark (NVVT) ser det som naudsynt å klage på denne saka.  Vi har i det lengste tenkt og håpa at det politiske fleirtalet tok innover seg faktagrunnlaget som ligg tilgjengleg – eit faktagrunnlag som er meint skal brukast. Viser særleg til villreinen som vi har eit særleg ansvar for, samt myr som nå vert nedbygd. NVVT viser til at Miljødirektoratet arbeider med/utredar forbud om nedbygging av myr. NVVT viser også til råda frå Statsforvaltar tidlegare i prosessen – samt felles brev til alle kommunane i Vestfold og Telemark frå Statsforvaltar (den 21.03.25), med ei innskjerping av bruken av naturmangfaldslova i lokal arealforvaltning. Vi hadde eit håp om at Vinje kommune tok dette innover seg – og fulgte opp. Dessverre så viser det seg igjen at kommunen – det politiske fleirtal, ikkje er seg sitt ansvar bevisst. Næring trumfar natur som tidlegare.

Natur- og klimakrisa ligg i botn – og vert meir og meir alvorleg – fortsatt hyttebygging i slike sårbare områder bidreg til akselrasjon av desse krisene. Det er uforståleg at ansvarlege politikarar – lokalt og nasjonalt, ikkje forstår og handlar etter desse uomtvistlege fakta.

Fakta og klagegrunnlag:

  • Saka vart handsama den 30.04.25 i plan- og miljøutvalet. Dei godkjente med knappast mogleg fleirtal reguleringsplanen Flåmyrane III, som opnar opp for 266 nye hyttetomter midt mellom to villreinområder – i myr – i/ved vass-speglar og boreal hei. Saka skal opp i kommunestyret i slutten av mai.
  • I planomtala frå 2022 er det etter NVVT sitt syn gjort ei svært overflatisk vurdering av naturmangfaldslova. At villreinen har kome på raudlista, og er vår ansvarsart, er ikkje nevnt med eit einaste ord i saka. Viser til vedlegg frå planomtala – s. 40 – 41.
  • Det skal også opnast for fortetting i eksisterande felt, dette vil naturlegvis auke ferdsla ut av desse hyttefelta, og inn i villreinområda – i betydleg grad. Kanalisering av ferdsla kan i beste fall begrense auken, men trykket inn i villreinområda vil samla sett auke. Når så alle varsellamper vedr. villrein blinkar raudt – kan ikkje lokal arealforvaltning legge til rette for dette. Dette er i strid med tiltaksplanane for å bevare villreinen som er under arbeid.
  • Planen legg opp til bygging i myr og vasspeglar – i strid med ny kunnskap/faktagrunnlaget. I tillegg veit alle som har gått i natur –  at myrområder er større og fleire enn det som kjem fram på kart.
  • Planområdet består av boreal hei.

Oppsummering:

Statsforvaltar skreiv si fråsegn 23.01.25, der miljødirektøren – under tvil, valde å ikkje fremje motsegn på bakgrunn av vedtekne overordna planar. Sidan då har det kome kritikk frå Sivilombudet  – vedr. anvendelsen/bruken av naturmangfaldslova. Dette har resultert i eit brev frå Statsforvaltar til kommunane – datera 21.03.25.

NVVT klagar på Vinje kommune sitt reguleringvedtak i plan- og miljøutvalet med bakgrunn i dette brevet.

NVVT sender denne klaga til Statsforvaltar nå, dessverre så er det ingen grunn til å tru at kommunestyret endrar vedtaket i plan- og miljøutvalet.

Det er Statsforvaltar som har både ansvar for – og plikt til å sørge for at lokal forvaltning fylgjer vedtekne lover. Dette gjeld også naturmangfaldslova. Det hjelper åpenbart ikkje med råd til kommunen – det må handling i form av utvedydlege krav og påbud – NÅ.

Tankegangen om at villreinen, myra og anna artsmangfald tåler «litt meir» nedbygging av natur – er farleg. Villreinen – som vi har eit særleg ansvar for treng handling nå – vi må sørge for mindre ferdsel og anna menneskleg påverknad  i villreinområda – ikkje «litt meir».

Vi har ei natur- og klimakrise som krev handling frå oss. Det er ein god start å fylgje naturmangfaldlova.

Helsing

Torfinn Sanden

Naturvernforbundet i Vest-Telemark