Klage på vedtak kommunestyresak 008/06 reguleringsplan for Fossøy

31.05.06 Me viser til melding om vedtak mottatt 10.05.06 og til tidlegare høyringsuttale frå Naturvernforbundet i saka. Reguleringsplanen er nå vedteken med bare små endringar i høve til utkastet. I praksis er nå mest heile øya disponert til golfbane og fritidsbustader. Det er ikkje lenger nokon føresetnad for hyttebygging at golfbanen er opparbeidd. I staden er det teke inn eit punkt 5a under fellesreglar der det blir stilt krav om utbyggingsavtale med felles framdriftsplan for både golfbane og hytter.

I si uttale til planen har Fylkesmannen mellom anna framheva verdien av øylandskapet ”som er skjeldent i landet og langt på veg kan seiast å ha nasjonal verdi”. Det blir også vist til Stortingsmelding 21 (2004 – 2005) om regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand, der det blir sagt at også eit belte på 50 – 100 m langs større vassdrag i innlandet skal sparast for utbygging. Det same gjeld viktige friluftsområde. Utan golfbane ville Fylkesmannen ha reist motsegn mot heile planen. Golfbanen har såleis vore heilt vesentleg for å få igjennom ei hyttebygging som elles aldri ville ha vore akseptert i eit område som dette.

Me vil vidare minne om at Kviteseid kommune i utgangspunktet oppfatta den nye planen som ei mindre reguleringsendring som bare trong behandlast i hovudutvalet. Ut i frå det inntrykket me har av saka kan det framleis verke som om ein del kommunestyremedlemer har teke utfallet av saka for gitt. Enkelte har såleis vegra seg for å gå i mot fordi dei har fått ei oppfatning av at kommunen da ville kome i eit erstatningsansvar overfor utbyggar.

Frå golfinteresserte blir det reist tvil om økonomi og interesse for 9 – hols golfbane i Vrådal, og om arealet faktisk er stort nok for ein slik bane. Sannsynlegvis er det i hyttene fortenesta ligg og ikkje i golfbanen. Risikoen for å ende opp med bare hytter er derfor i høg grad til stades.

Det er i liten grad teke omsyn til dei mange uttalene i saka ved endeleg utforming av planen, mellom anna. Det synes heller ikkje å ha vore lagt opp til noko samarbeid med berørte partar eller andre interesser under behandlinga av planen, jamfør kravet i rettleiar T-1382.

Naturvernforbundet påklagar vedtaket ut i frå følgjande tilhøve:

1. Vedtaket er i strid med viktige føringar og mål for arealbruken i strandsona til vatn og vassdrag i innlandet, slik det mellom anna gjeng fram av Stm. 21 og den europeiske landskapskonvensjonen.

2. Me saknar ei nærare vurdering av øylandskapet sin verdi i nasjonal eller regional samanheng, jamfør Fylkesmannens uttale 10.01.06.

3. Verknadene for friluftsliv i kombinasjon med golfbane og hytter er ikkje godt nok vurdert. Golfbanar vil vanlegvis verke ekskluderande overfor allmenn ferdsel og andre former for friluftsliv, og sjølv om det blir merka turveg gjennom området kan vedtaket såleis vera i strid med måla om å bevare viktige friluftsområde for folk flest.

4. Det er grunn til å anta at følgjene av å sei nei til planen ikkje har vore godt nok opplyst. Enkelte har såleis oppfatta det slik at eit nei ville gje kommunen eit stort erstatningsansvar. Det visast til innkalling til kommunestyremøte 6.04.06 og til uttale frå sakshandsamar i Vest-Telemark Blad 25.03.06, der det blir sagt at ei eventuell oppheving av reguleringsplanen vil føre med seg erstatningsansvar. Det er også grunn til å stille spørsmål ved om kommunestyret blei godt nok opplyst ved at synfaringa måtte haldast på snøføre.

5. Det manglar uttale frå representanten for barn og unge, trass i at Fylkesmannen har påpeika dette som ein mangel ved planen. Vegen over Fossøy er nå blitt skuleveg for to ungar, og eit av golfslaga kryssar denne vegen.

6. Biologisk mangfald er ikkje godt nok utgreidd. Det er ikkje tilfredsstillande å vise til ei naturtyperegistrering som baserer seg på eksisterande materiale og minimalt med feltarbeid. Det er ikkje utført vurderingar av biologisk mangfald i felt for Fossøy.

7. Noko utbyggingsavtale er ikkje vedlagt. Før ein kjenner innhaldet i ei slik avtale er det vanskeleg å ta stilling til verdien av punkt 5b om samtidig utbygging og framdriftsplan. Dette er avgjerande for om Fylkesmannens føresetnad for ikkje å levere motsegn blir oppfylt.

Me gjeng ut i frå at anleggsarbeid ikkje kan setjast i verk før det er teke stilling til klagene i saka.