NATUR

Menneskja treng stille urørt natur.Folkehelsa – både psykisk og fysisk – treng roen den stille urørte naturen gje oss. Dette er blitt viktigare og viktigare desto meir stress og jag etter meir av alt – denne verden gjev oss.

Tenk å sittje i skogen i kanten av ei myr å sjå på  orkidear eller molter, og lytte til naturens lydar. Eller ved eit urørt vassdrag – å sjå åa flyte stille forbi, for så å kaste seg utfor ein foss. Dette er balsam for kropp og sjel!

Dessverre så byr dagens samfunn på heilt andre «opplevelsar» i større og større grad:

  • Alt som «flimrar» forbi på alle «plattformer» – som sosiale/usosiale media i alle former og fasongar.
  • Nyhetsstraumen som gjeng koninuerleg – også på alle plattformer.
  • Alle bør og skal mestre det digitale – enten dei vil eller ikkje.
  • Økonomisk vekst – jag etter meir pengar – også i vår del av verden – er visst også eit krav. Ja – meir forbruk av nesten alt ser ut til å vere melodien i samfunnet.
  • Kva fører så dette til for naturen og menneskja?
  • Stress og uro – både den indre og ytre, og for nokon kjensla av utanforskap. For naturen betyr det meir nedbygging og øydelegging.
  • Det kan sjå ut som nokon meiner at «tilrettelagt natur» er det som må til. Det kunne ikkje vore meir feil enn det.
  • Naturvernforbundet meiner at menneskja treng meir stille og urørt natur, akkurat som dyr og anna artsmangfald. Naturvernforbundet vil fortsette sin kamp for bevaring av natur som natur.

Torfinn Sanden