Nytt regelverk for motorferdsel i utmark og vassdrag

Naturvernforbundet i Telemark har sendt en uttalelse til Direktoratet for Naturforvaltning angående nytt regelverk for motorferdsel i utmark og vassdrag. NV i Telemark er godt fornøyd med DNs forslag til en rekke instramminger i forhold til gjelden lovverk. Som konkrete forslag har vi uttalt at: Ervsløyve og leiekjøring bør kunne dekke transportbehovet. Behandling av søknader om kjøreløyve må gjøres mere åpen slik at løyvetildelig kan påklages. Rekreasjonsløyper avvikles, all erfaring viser at dette bl.a gir økt villmannskjøring. Les uttalelsen her.

DN Rapport 2007-3

Forslag til nytt regelverk for motorferdsel i utmark og vassdrag

Høyringsuttale frå Naturvernforbundet i Telemark

Innleiing

Forslaget til nytt regelverk inneheld ei rekke innstrammingar og konkretiseringar i høve til gjeldande lovverk og praktiseringa av dette. Ein merkar seg særleg desse endringane:

· All transport skal som hovudregel visast til personar med løyve for leigekjøring. Det skal ikkje lenger kunna gjevast dispensasjon for kjøring til og frå eiga hytte meir enn 2,5 km frå næraste brøyta bilveg.

· Forsøket med rekreasjonsløyper for snøskuter vil ikkje bli vidareført.

· Dispensasjonsmynde for gruppeturar og for funksjonshemma er flytt i frå kommunane til Fylkesmannen.

· Bruk av kommunale motorferdselsplanar, med høve til motsegn frå fylkesmannen.

· Krav om at framkomstmiddelet skal vera miljøtilpassa, noko som utelet bruk av reine fartsskuterar andre stader enn på motorbanar.

· Ein held fast ved at jakt og fiske ikkje har krav på bruk av motoriserte framkomstmiddel på line med tradisjonell landbruksnæring.

· Det er ikkje opning for snøskutersafari.

· All trafikk som ikkje automatisk er lovleg må ha heimel i kommunal motorferdselsplan.

I høyringsdokumentet har DN ytra ønskje om å få særleg vurdert ein del konkrete problemstillingar, særleg knytte til kven som skal få kjøre og til kva føremål.

Generelle synspunkt frå NVT

Dette regelverket burde ha vore på plass da motorferdselslova blei vedteken i 1977. Eksisterande forskrifter frå 1988 har gitt altfor mange dispensasjonshøve. Det har resultert i at det i ein kommune som Fyresdal, med vel 1300 innbyggarar er gitt meir enn 300 kjøreløyve siste periode. I Vinje er det ca 700 registrerte snøskuterar osv. Me håpar at det skal la seg gjera å stramme inn regelverket, men har våre tvil om at det let seg gjera i den utstrekning Direktoratet ønskjer.

Det er ein del prinsipp det etter vår meining er viktig å halde fast ved:

Det bør ikkje opnast for rekreasjonskjøring i utmark. Høve til slik kjøring vil føre med seg ei unødvendig meirbelastning på naturen og stimulere til at fleire brukar motorkjøretøy i utmarka. Omfanget av såkalla villmannskjøring, som dei færraste ønskjer i naturen, heng i stor grad saman med talet på skuterar og høve til bruk av skuterar generelt.

Erfaringane frå prøveprosjektet med skuterløyper er delte. Når det blir hevda at omfanget av ulovleg kjøring er gått ned, har dette i stor grad samanheng med at trafikk som før var definert som ulovleg nå var blitt lovleg. I Finnmark og Troms, der det er eit stort nett av lovlege løyper, har også omfanget av dispensasjonar og ulovleg kjøring vore størst. Det kan sjå ut til at ein liberal praksis avlar krav om enda meir liberal praktisering av lovverket.

Reglane må formast med tanke på at dei skal la seg handheve og kontrollere. I det ligg det naturleg nok også at dei bør ha ein aksept hos folk flest. Mange dispensasjonar gjer oppgåvene for oppsynet vanskelegare. Særleg gjeld det dei tilfella der ein må ut i terrenget for å utøve oppsyn. Det er enklare å utøve kontroll når talet på dispensasjonar er lite og ein kan ta utgangspunkt i brøyta veg. Derfor er det også viktig å halde på at ubrøyta veg skal reknast som utmark i denne samanhengen.

Kjøring om natta bør generelt vera forbode.

Til hovudspørsmål 1 abc

Skilet mellom nyttekjøring og rekerasjonskjøring bør vera fast. Høve til å gje dispensasjonar bør i fleire høve løftast til Fylkesmannen, som bør ha ein mykje meir aktiv rolle i høve til kommunane når det gjeld motorferdsel. For å redusere moglege gråsoner bør alle løyve vera behovsprøvde og personlege og knytte til konkrete oppdrag. Generelle ”snikkarløyve”, ”besøksløyve” og utviding av løyvet til også å gjelde familiemedlemar må unngåast.

Jakt, fiske og organiserte turistopplegg bør ikkje kunne reknast på line med tradisjonelt landbruk, idet dette vil opne for altfor mange grensetilfelle og varierte tolkingar. I Telemark har me elles sett fleire tilfelle av at det blir opparbeidd trasear på barmark for å kome fram til hytter og jaktområde med ATV og skuter.

Vidare bør det for å få kjøpt skuter kunne leggast fram gyldig dokumentasjon på at ein har kjøreløyve.

Vurdering av konkrete forslag

Bruk av ervervsløyve og leigekjøring bør kunne dekke transportbehovet. Spørsmålet er vel om ein får aksept for forslag som gjer at størsteparten av skuterparken blir ulovleg å bruke. Mange kommunar viser til eit rundskriv som opnar for at løyve til transport til hytte ikkje bare kan gjevast til hytteeigar, men også til nære familiemedlemar. Resultatet er at det kan vera både 4 og 5 skuterar med gyldige kjøreløyve til ei hytte, noko som kan stimulere til missbruk. Dette må det ryddast opp i.

Behandlinga av søknader om kjøreløyve må gjerast meir open. I Naturvernforbundet har me ved fleire høve ikkje hatt reelle høve til å påklage avgjerder, anten fordi ein får kjennskap til det for seint eller ikkje i det heile teke. Me ønskjer meir ansvar og aktivitet hos Fylkesmannen.

Me gjeng ikkje inn for å forlenge eller utvide ordninga med rekreasjonsløyper. Forsøket har kanskje gitt mindre ulovleg kjøring (naturleg nok), men omfanget av villmannskjøring synes ikkje å ha gått ned. Aktiviteten har bare flytta seg noko frå dei mest trafikkerte områda. Me ønskjer ikkje vegar for motorferdsel i heiane også.

Dersom det likevel skulle bli opna for bruk av rekreasjonsløyper, bør dette framleis vera ei forsøksordning som kan trekkast attende dersom ikkje omfanget av ureglementert kjøring blir redusert. På den måten kan ein kanskje oppnå å få ansvarleggjort ein del av skutermiljøet slik at dei kan utøve meir sjølvjustis.