Reguleringsplan for gnr/bnr 62/3 Hammarsjordet i Fyresdal kommune

19.06.06 Det visast til reguleringsplanen for Hammarsjordet, som nå er lagt ut til offentleg ettersyn/høyring. Planen gjeld ein eigedom på ca 350 da inne ved Morketjønn i Fyresdal. Området ligg aust for Øysævatnet ca 6 km (i luftline) frå grensa til Setesdal. Det finst ein gammal disposisjonsplan i området, som det er bygd 7-8 hytter etter. Den nye reguleringsplanen opnar for bygging av inntil 27 nye hytter i området. I kommuneplanen er dette eit LNF område der det normalt bare blir gitt løyve til bygging av enkelte spreidde hytter i samband med landbruk. Innanfor det området som blir omfatta av den gamle disposisjonsplanen er det opna for ei viss fortetting, men den nye planen opnar for ei langt sterkare utbygging.

Me viser også til det store talet på ubygde hyttetomter i kommunen, som tidlegare har vore nytta som grunngjeving for å føre ein restriktiv politikk med omsyn til godkjenning av nye hytteområde.

Naturvernforbundet i Telemark meiner den nye reguleringsplanen er svært uheldig. Området ligg langt inne i heia og langt i frå andre hytteområde. Villreinen i Setesdal Austhei har her ein naturleg trekkveg over til Åslandsheia, som er eit potensielt viktig randområde for villreinen. Av erfaring veit ein at hyttebygging så langt i frå oppbrøytte vegar og så langt inne i heia generer mykje snoskutertrafikk. Det har tidlegare vore eit problem i dette området, og med den utbygginga det nå er lagt opp til vil dette sannsynlegvis bare bli større.

I rapporten Villrein og samfunn (NINA temahefte 27, 2004) gjeng eit fagleg utval inn for å opprette 9 nasjonale villreinområde i Norge, der Setesdal-Ryfylkeheiane er med. Fylkesmennene i Telemark og Aust-Agder har gått inn for at området også blir utvida med delar av Setesdal Austhei. Det signaliserer stor verneverdi og behov for ei særleg arealforvaltning etter rikspolitiske retningsliner (RPR).

Naturvernforbundet bed med dette kommunen om å nekte å godkjenne den nye reguleringsplanen for Hammarsjordet.