Revisjon av Tokke – Vinje utbygginga

22.03.06Utbygginga av Tokke – Vinje vassdraget var i si tid landets største kraftutbygging og omfattar mellom anna ca 20 reguleringsmagasin i Vinje og 6 i Tokke kommune. Årleg kraftproduksjon er 4,7 TWh. Vassdragsreguleringslova (1917) gjev høve til revisjon av vilkåra for utbygginga etter 50 år, i dette tilfellet i 2007. I 2002 blei reguleringskonsesjonen gjort evigvarande, medan han før endringa i lova skulle ha vore oppe til ny vurdering etter 60 år, dvs i 2017. Det har gjort det vanskelegare å endre vilkåra i konsesjonen. Det gjeld i fyrste rekke dei økonomiske vilkåra, medan dei miljømessige ulempene slik me har fortått det skal kunna takast opp i full breidde. Kommunane har hatt ein grundig prosess på saka, og det er kome inn mange merknader. Naturvernforbundet har ikkje høve til å i detalj på dei enkelte reguleringane, men har i staden merka seg visse element som gjeng att og som er særleg relevante for natur og naturoppleving i området.

Det er eit sjølvsagt krav at oppryddinga etter reguleringa må fullførast på ein tilfredsstillande måte. Det gjeld både steinblokkar, kvist og røter og ymse skrot og andre ting som er att etter utbygginga.

Me har vidare merka oss problem i reguleringsmagasin, delvis som følgje av ei anna praktisering av manøvreringsreglementet enn det som var bestemt i konsesjonen. Det gjeld mellom anna oppfylling av magasina om sommaren. Me krev at dei vilkåra som er gitt blir etterlevd, og at det blir fastsett reaksjonsmåtar overfor regulanten dersom ikkje dette skulle skje.

Det er fleire bekkar som manglar reglar om minstevassføring. Enkelte av desse bekkane kan med ei slik vassføring gje grunnlag for bestandar av fisk. Me har også merka oss ønskje om tiltak for å betre fisket, mellom anna i Vinjevatn og i Tokkeåi. Det er viktig at det særleg i slike sentrale område blir lagt til rette for at ulempene etter reguleringa kan bli så små som mogleg. Ein del av dei registrerte ulempene hadde ein liten kunnskap om da konsesjonen blei gitt, og det er derfor naturleg at ein i ettertid og med bakgrunn i det ein nå veit får ein grundig registrering av situasjonen for fisken i dei ulike delane av vassdraget. Det gjeld også status for andre delar av miljøet. Dette bør vidare følgjast opp med tiltak som kan kompensere for ein del av ulempene. Sidan 1960 talet har ørekyta kome inn som eit nytt problem i mange vassdrag, og det bør lagast ein strategi for korleis ein skal handtere dette problemet i framtida.