Vindkraft i Nissedal – nå er tida for å sei si meining!
Torsdag 13.02. hadde Nissedal kommunestyre oppe sak om vindkraft i Nissedal.

Torsdag 13.02. hadde Nissedal kommunestyre oppe sak om vindkraft i Nissedal. Spørsmålet var – på førespurnad frå fleire utbyggarar: Korleis stiller kommunen seg til utbygging av vindkraft i kommunen? Det var tre forslag til vedtak frå sakshandsamar. Forslaga var:
Ja til vindkraft.
Ja til meir informasjon frå utbyggarar.
Nei til vindkraft.
Resultatet av avstemminga vart 9 stemmer for meir informasjon og 8 for nei til vindkraft. Så i «ånden til vår energiminister vert det meir informasjon , med mål om meir av alt» – dvs overforbruk og sløsing av både energi og generellt forbruk. Naturlegvis for det «grøne skiftet si skuld».
Det einaste som er sikkert med ei slik tilnærming – er at naturnedbygginga akselererar, og med det blir det vansklegare og vansklegare å nå både klimamål og stoppe naturtapet. Fordi: Fakta er at vi må sjå natur- og klimakrisa i samanheng – og på det området er det åpenbart at politikarane treng meir kunnskap – også energiministeren. Kunnskap om kva landbasera vindkraft får av konsekvensar er lett tilgjengleg – for dei som ønsker å vite. Vi treng absolutt ikkje meir kunnskap frå utbyggar – som har fylgjande hovudmål: Tjene meir pengar.
Kva som gjer at fleirtalet av politikarane i Nissedal treng meir informasjon – kan ein bare undre seg over. Det det handlar om er vel heller «kven ein ønsker å tru på» – og då er det vel heller ein fordel å ikkje å ta fakta innover seg. Naturvernforbundet i Vest-Telemark (NVVT), oppfordrar alle til å sei si meining til våre folkevalgte. Det er nå det gjeld!
Til orientering så er areala det er snakk om – i grove trekk fylgjande område: På austsida av Nisser frå Vik i Treungen nordover mot Skornetten. For så å «hoppe» over arealet med hytter på Kyrkjebygdheia. Så nytt areal frå nord om hyttene og vidare mot Kviteseid grense. Dvs. heiområda mellom Rv 41- fylkesveg38 og fylkesveg 358. Det er av naturlege årsaker ikkje tale om å plassere vindmøllene i dalar og skjul, det er på heia – dette vert på dei mest synlege områda.
Så som di skjønnar, dette bli verkleg eit lyft – naturmessig for landskapsromet kring Nisser og heiane aust for Nisser – Telemarks naturleg største innsjø. (Mrk. Litt ironi.) Ein tanke frå undertegna er – med snev av ironi og mykje fortvilelse og motløyse:
NVVT er for gjenbruk av areal/bygge på allereie nedbygd areal, dvs. grå areal, dette har vi rikleg av i Nissedal – i form av hyttefelt. Her er infrastrukturen klar, og der er plass til vindmøller mellom hyttene. Slik kan også alle hyttefolk yte sin skjerv til det grøne skiftet – inkl. vår energiminister med hytte på Kyrkjebygdheia. Hytter – nå med straumstøtte for å oppretthalde fortsatt sløsing med straum. Dette siste er så langt kun ein tanke – men kanskje ikkje så dumt.
Til slutt: Folket må nå synleggjere kva dei meiner.