Vrådal massetak.
Massetak plassera i landskapsromet mellom Åhomnuten og Roholdtsfjell.Er det grønt og berekraftig?
Naturvernforbundet i Vest-Telemark (NVVT) har førebels desse innspela:
Vrådal massetak er ikkje eit samfunnsnyttig grønt prosjekt – slik tiltakshavar beskriv det som. Dett er eit klassisk forsøk på – ved hjelp av naturnedbygging – å tjene pengar. Det er ikkje ulovleg, men i denne saka er ulempene langt større enn nytten.
Det vert framført ein påstand om eit positivt klimaregnskap – pga. stutt transportveg til leveranse av massa. Då må massetaket ha svært begrensa leveringsområde – og dette området må klart definerast. Det er det ikkje så langt.
Massetak er ikkje «mangelvare» i Vrådal/Kviteseid – eller Nissedal – området som interkommunalt plankontor har ansvar for. Plankontoret og lokalpolitikarar bør bruke tida på å få ein oversikt – og rydde opp – få status over desse massetaka. Er alt etter vedtekne føresegner – ja er alle desse massetaka lovlege mm. ? Visst ikkje alt er som det skal – så må tiltak takast.
Ein liten oversikt frå Kviteseid – ikkje komplett: I Brunkeberg/Morgedal er det fleire massetak, Vrådal har massetak på toppen av skiheisen/Vrådal panorama, eit på Nordbømøane, eit massetak på Slokvik og eit på Vassenden – som er under etablering.
Området/arealet Vrådal massetak er tenkt etablera er nå skog, myr, viktig område for for dyr – fugl, hjortevilt bl.a. Dette er også utg.punkt for fleire turvegar – både til Åhomnuten, Roholdtsfjell og ned mot Strånd hotell. Ikkje heilt uvesentleg argument i ein kommune som satsar på turisme. I tillegg så gjeng «Gamleveg» frå Vrådal til Kviteseid over her. Med andre ord: Dette er av dei minst egna områda som tenkast kan for plassering av massetak.
Denne saka er nok ein prøvestein på kven som styrer i kommunen. Er det personar med eit objektivt og overordna blikk og syn for god forvaltning og styring. Eller er det slik det har vore i lang tid. Ein kommune som lar seg overtale av entrepenørar, utbyggarar av ulik art – som spring ned «dynnane til ordførar. adm. og andre lokalpolitikarar» – for å fremme sine eigne ønsker?
Kviteseid kommune – på lik linje med alle andre kommunar i Telemark og Vestfold – har relativt nyleg mottekje brev frå Statsforvaltar. Innhaldet er stutt fortalt: Heretter så gjeld også Naturmangfaldlova. Årsaken er at Statsforvaltar har blitt overprøvd av Sivilombudsmannen i fleire saker.
Så ta dette som eit varsel: Blir ikkje denne planen stoppa nå i startfasen, så blir det ein lang prosess – slik Sundkilen saka vart. Det vil bli mykje «støy». NVVT har god kondisjon – ingen nærings bindingar – og vi føler eit stort ansvar for forvaltninga av livsgrunnlaget vårt – NATUREN.
Torfinn Sanden