Busstabellar igjen

Epostkorrespondanse med Nettbuss i samband med at Øystein Folden prøvde å reise kollektivt til landsmøtet i Norges Naturvernforbund.

Fra: Øystein Folden [foldengp@start.no]

Sendt: 19. august 2009 19:29

Til: Nettbuss Konsernstab

Kopi: Driva; Forbrukerrådet; Sunndal kommune; Tingvoll kommune; Aura Avis; Tidens Krav; Tingvoll.net; Asmund Kristoffersen; Nettbuss; Nettbuss/Nor-Way bussekspress; Arild Fuglseth; Trafikanten

Emne: Re: Busstabellar igjen

Takk for tipset.

For ei tid tilbake hadde Nettbuss ei annonse i lokalavisa om nye rutetider pga. raset. Der blei det vist til www.nettbuss.no for nærare informasjon om rutetider. Går ein inn på den nettstaden hamnar ein på rutetabeller det står Nor-Way øvst på. Det står ikkje noko om at ein må bruke www.rutebok.no i staden. Eg har elles knapt sett nokon som har vist til den nettstaden nokon gong. Men det er ein del som viser til trafikanten sin nettstad. Såleis er det nok naturleg at folk som vil undersøke på nett når bussen går nettopp vil oppsøke www.nettbuss.no og nettstaden til trafikanten.

Viss det du seier skal tolkast som at det ikkje er så farleg om det er feil på dei to nettstadene fordi alle bør bruke www.rutebok.no når dei skal ut å reise, så skal eg notere meg det. Det vil sikkert også vere interessant for Forbrukerrådet og fylket som kjøper busstenester hos dykk.

For ordens skuld dreier ikkje denne saka seg om kollektivtilbodet er godt nok utbygd. Det dreier seg heller ikkje om at det er nødvendig å gjere endringar når vegen blir stengt. Det dreier seg om informasjon slik at folk som er berørt kan få vite når restane av tilbodet går og føle seg trygge på at dei ikkje blir ståande igjen nokon stad undervegs som følgje av at ting ikkje heng i hop på den måten som ein skulle tru av busstabellane.

Etter to månader er det for primitivt at ein må ringe til bussjåføren for å finne ut om og når bussen går og om det korresponderer.

Elles har eg no prøvd www.rutebok.no Avgangen 14.35 ender på Oppdal kl 16.40 står det der også. Rett nok står det ein varseltrekant om at strekninga køyrast på annan måte enn ordinært og at enkelte ruter ikkje korresponderer. Advarselen var kutta, så resten får eg ikkje tak i.

Då står eg att med å ringe til bussjåføren viss dette er det beste tipset de har. I to månader har dei som har prøvd å kome seg til Oppdal på denne måten blitt ståande på Hydrokaia på Sunndalsøra samtidig som bussen frå Sunndalsøra sentrum køyrer mot Oppdal og Oslotoget. Eit framifrå opplegg som gjer at folk kan kome til å ta fly neste gong. Viss ein finn ut når det går buss til flyplassen då.

Elles er det snedig med Tingvoll som søkeord. Det er fem stader som heiter Tingvoll, 4 med presisering om kommune/region. Den femte staden utan presisering. Sidan eg veit at det er ca. 2 timar køyretid mellom Tingvoll på Nordmøre og Oppdal skjønar eg at Tingvoll utan nærare stad er Tingvoll på Nordmøre, særleg når eg kjenner igjen rutetida. Men det er det vel mange som ikkje skjønar. Men det var ei heilt anna sak.

Elles har eg nytta meg av e-postadressa til Nettbusskonsern i mangel av e-postadresse til Nettbuss lokalt. Det held eg fram med til eg får noko betre.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll

—– Original Message —–

From: Nettbuss Konsernstab

To: Øystein Folden

Sent: Wednesday, August 19, 2009 8:49 AM

Subject: SV: Busstabellar igjen

Den beste måten og finne reiseveien på er www.rutebok.no. Har sendt mailen din til Nettbuss Møre for kommentar, men det er vel fylkespolitikerne som legge opp rutekjøringen.

Håper ruteboken gjør det lettere for deg og finne bra reiseplanlegger neste gang du skal ut å reise.

Mvh Nettbuss AS


Fra: Øystein Folden [mailto:foldengp@start.no]
Sendt: 18. august 2009 23:56 Til: Nettbuss Konsernstab; Nettbuss/Nor-Way bussekspress; Arild Fuglseth; Trafikanten Kopi: Asmund Kristoffersen; Tingvoll.net; Tidens Krav; Aura Avis; Tingvoll kommune; Sunndal kommune; Forbrukerrådet; redaksjonen@driva.no Emne: Busstabellar igjen

Eg er framleis ikkje nøgd, så det blir meir om bussar som det ikkje går å bruke.

Referansar for dei som driv med slikt:

Forbrukerrådet: 2009081710000562

Nor-Way: 3627

Eg skal ut å reise. Med buss – om det går nokon då.

I går hadde avisa Driva rutetabell med reportasje om endringar. Dei kunne fortellje om at bussen frå Oppdal om morgonen no skal gå kl 05.25 frå onsdag. På same sida presenterte Nettbussjefen på Sunndalsøra gode nyhende når det gjeld buss i rasområdet. Når eg ser på trafikanten og nettbuss sine rutesider finn eg at dei har tenkt å køyre buss frå Oppdal kl 05.30 framleis. Eg tenkjer det er best å møte opp tidleg. Akkurat som avisa Driva denne gongen er mest å stole på. I alle fall vil det vere surt å møte opp til 05.30 og sjå bakenden av bussen som gjekk 05.25. Ved søk på trafikanten no i kveld har dei tenkt at bussen køyrer kl 05.30 frå Oppdal torsdag.

Men eg skal reise frå Tingvoll. Toget går frå Oppdal torsdag kl 17.00.

På trafikanten ber eg om Tingvoll – Oppdal på torsdag og då får eg forslag om avgang frå Tingvoll kl 14.35, til Sunndal kl 15.20 og vidare frå Sunndal kl 15.30 til Oppdal 16.40. Heilt flott.

Med raudt i spalta ved sidan av står det om endringar i Opdølstranda i rute 149 og 902. Tingvoll til Sunndal har rute 22-910 så då bør den vere grei. Mellom Sunndal og Oppdal heitter ruta 22-149. Ikkje det same som 149, men den var meir skummel. Men det står ikkje noko om endringar mellom Sunndal og Oppdal, så då er det vel greitt likevel.

Ei undersøking på Sunndal kommune sine nettsider gjer meg uroleg. Båten frå Opdøl går kl 15.15. Då er han på Sunndalsøra rett før 15.30. På ei anna side finn eg at det ikkje er buss frå kaia til sentrum frå denne. Då går nok ikkje dette likevel. På ruta som eg finn via www.nettbuss.no prøver eg søk frå Tingvoll til Oppdal, men mellom desse to stadene går det ikkje buss blir det sagt. Tidlegare trur eg at eg har fått forslag om ein haldeplass i Østfold når eg skriv Tingvoll, så den gir eg opp. Men Nordmørsekspressen har tabell. Avgang frå Tingvoll kl 14.35 ser ok ut. Men ein titt i botnen (ingen noter som set meg på sporet, men no les eg det som står nedst likevel): Ruta frå Kristiansund 13.15 til Oppdal korresponderer ikkje via Tingvoll. Då er det vel slik eg har rekna ut med båten at det ikkje kan gå.

Då har eg kasta bort ein time på det sporet, men eg blir ikkje ståande på Hydrokaia i visse om at toget frå Oppdal går utan meg.

Då er det nok berre å begynne på igjen, denne gongen via Krifast. Om ikkje busselskapa bryr seg med passasjerar frå Tingvoll kan dei vel ikkje la passasjerar frå byen gå for lut og kaldt vatn.

Eg er kjent i området og er i tillegg ualminneleg uthaldande når det gjeld å lese og rekne rutetabellar. Stakkars dei som bruker nettet for å planlegge ei reise ein stad dei ikkje kjenner frå før. Det må gå gale.

Så får eg håpe toget er i rute sørafrå til Oppdal så eg rekk bussen kl 05.25 når eg kjem så langt.

Det var i grunnen berre det eg ville seie frå om i dag. Vil de ha passasjerar i framtida må nokon skjerpe seg.

Helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll

PS! Reisa er til landsmøtet i Naturvernforbundet. Mogleg nokon kjem til å få høyre litt om korleis det blir satsa på busspassasjerane på Nordmøre for tida. Det hadde vore mykje meir morosamt å fortelje ei anna historie. DS.