30000 tonn igjen?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Tingvoll Skogeierlag kan vel vere stolte over å samle 30000 tonn CO2 i året, sjølv om det er ein del mindre enn dei 54000 tonna dei presenterte? Vi får sjå litt nærare på resten også.

Utan Tingvoll Skogeierlag ville det også ha vore skog i Tingvoll. Før hollendertida var det nok både mykje og grov skog i Tingvoll. For kring hundre år sidan var skogen generelt på det mest uthogde, og det var nok ikkje særleg annaleis i Tingvoll enn andre stader. Etter den tid har det vore eit eventyr av ein tilvekst. Spørsmålet er så om når vi har nådd dei voluma som var. Til vi har nådd dette volumet, så driv vi med tilbakebetaling av gjeld. Ein kan ikkje ta dette som inntekt. Kor vi er no samanlikna med før hollendertida vil ikkje Naturvernforbundet meine noko sikkert om.

Sjølv om tilveksten er eit eventyr, så må ein også sjå på om det er ei utgiftside som skal betalast før ein kan rekne ut nettoen.

Det er grøfta store areal med myr i Tingvoll, og ein god del av tilveksten skuldast gran på tidlegare myr. Myr er ein suveren CO2-samlar og eit suverent CO2-lager i naturen. Når det blir grøfta blir CO2-innsamlinga mykje redusert, og mykje av lageret slepp ut.

Når granskogen får litt alder, minkar det kraftig på dei grøne plantene under. Utanom stokken er det avgrensa kor mykje CO2 som kan samlast.

I ein naturskog er plantedekket grønt heile tida. Plantedekket blir verande igjen i skogen når tømmerstokken reiser, det produserar framleis og det bygger jordsmonn som godt og vel blir vedlikehalde med omsyn til CO2.

Einsarta granskog er i motsetnad til naturskog umogleg å hogge i småporsjonar. Dermed får ein store område som ligg utan grøn vegetasjon i nokre år etter hogst. Desse areala er opne for sol og vind og lek CO2. Dette blir forsterka av mykje opproting som også ofte er ein følgje av moderne skogbruk.

Det er tid for å summere. Det er altså usikkert om tilbakebetalingstida er ferdig og ein kan rekne noko som overskot. Så skal det i alle fall betalast ein del som kompensasjon for mindre myrareal, og lekkasje frå grøfta myr. Så må ein ta høgde for at plantedekket ikkje lenger bygger seg opp i granskogen. Så var det lekkasjane i samband med hogsten og fram til reetablering av ny skog.

Sidan ingen har funne fram til gode tal på dei forskjellige elementa her, så blir eg nøydd til å seie truleg om resultatet. Ein peikepinn har ein i at CO2-bindinga i jordsmonn og myr er nokre gonger høgare enn i tømmerstokken.

Sluttrekneskapen til Tingvoll Skogeierlag blir i alle fall langt mindre enn 30000 tonn, og det kan tenkjast at naturskogen kan levere betre.

Viss det moderne skogbruket ikkje er spesielt bra for klima eller biologisk mangfald, er det kanskje like greitt at nokre stiller spørsmål til korleis skogbruket driv.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal