Miljødirektoratet opphever vedtak om heli-skiing

Naturvernforbundet er nøgd med at Miljødirektoratet har slått ned på tvilsom praksis frå Verneområdestyret for Trollheimen.

Visit Nordmøre og Romsdal har søkt om dispensasjon til å bruke helikopter ved filming av skikøyring i Trollheimen.

Verneområdestyret for Trollheimen gav løyve, noko Naturvernforbundet var svært kritiske til.

Miljødirektoratet har 30. oktober 2015 oppheva Miljødirektoratet har etter klagesakshandsaming kome fram til at vedtaket i Verneområdestyret for Trollheimen blir oppheva som ugyldig da grunnleggjande krav til forsvarleg sakshandsaming er sette til side i saka jf. forvaltningslova § 41.

Miljødirektoratet kan ikkje sjå at verneområdestyret har tatt ei interesseavveiing av dei forholda som taler for eit løyve satt opp mot dei eventuelle ulempene. Miljødirektoratet kan heller ikkje sjå at styret har vurdert de anførslane Naturvernforbundet har framsatt i klagen sin.

Styret har etter Miljødirektoratet si oppfatning heller ikkje begrunna kva «særlege grunnar» som ligg føre slik at det er grunn til å gje eit tilsvarende løyve bare tre år etter forrige løyve. Styret har heller ikkje kommentert kvifor dei velger å fråvike retningsliner i forvaltningplanen som nyleg er godkjend og den forvaltningspraksisen ein har i Trollheimen i denne type saker.

Miljødirektoratet finn etter dette ikkje grunn til å foreta ei nærare skjønnsmessig vurdering av om dispensasjon burde ha vore gitt eller ikkje. Det er difor ikke nokon grunn til å ta ei nærare vurdering av prinsippa i nml. §§ 8- 12, jf. § 7.