420 kV LUFTLINJE ØRSKOG-FARDAL: DETTE ER SAKA

Statnett har sendt melding til Norges vassdrags- og energidirektorat om at dei planlegg å byggje ei 420 kV kraftline frå Fardal i Indre Sogn til Ørskog på Sunnmøre. Naturvernforbundet har karakterisert dette som det største naturinngrepet som er påtenkt på Vestlandet nokon gong.

Statnett si grunngjeving for planane er at det er eit raskt aukande kraftunderskot i Møre og Romsdal, samstundes som det er eit stort kraftoverskot i Sogn og Fjordane. Lina vil neppe kunne stå ferdig før i 2011.

Kraftlina skal konsekvensutgreiast i 2006 – 2007. Det er Norges vassdrags- og energidirektorat som gir konsesjon til kraftlina, men det er venta at vedtaket vil bli påklaga til Olje- og energidepartementet. Stortinget skal i utgangspunktet ikkje behandle saken.

Mastene vil bli 15 – 45 m høge og det vil bli eit ryddebelte på 40 m under lina. Lina vil bli om lag 250 – 300 km lang. Det er fleire ulike traséalternativ for kraftlina, til saman er 20 kommunar med over 100 000 innbyggarar omfatta av planane. Lina vil gi konflikt med eksisterande bustad- og hytteområde og med planlagde bustad- og hytteområde. Det er også mange konfliktar med verneområde (m.a. verdsarvområdet i Geirangerfjorden), med verna vassdrag og med fleire foreslåtte verneområde. Reiselivsnæringa er uroa over verknadene lina kan få.

Alternativet med sjøkabel vil truleg bli om lag 400 km langt og ein del dyrare for Statnett enn bygging av kraftline i luft vil vere. Alternativet med sjøkabel vil ha eit mykje lågare konfliktnivå.

NVE sitt utkast til utredningsprogram 8. september 2006

Utkast til bakgrunnsnotat frå NVE 8. september 2006

Uttale frå Advokatene Grotle og Rønnekleiv

Uttale frå Advokatene Skaar og Hatlebrekke

Uttale frå Anders Tjugum

Uttale frå Andreas og Anne Kongsgaarden Vartdal

Vedlegg til uttale frå Andreas og Anne Kongsgaarden Vartdal