90 milliardar på vent

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Ein rapport fortel oss at 90 milliardar er sett på vent som følgje av at kraftlina mellom Sogn og Ørskog ikkje er på plass.

Det kan vere 90 milliardar er sett på vent, men årsaken kan i alle fall diskuterast. For kring 10 år sidan fekk Hydro lov til sjølv å bestemme om dei ville bygge ut aluminiumsindustrien i Sunndal eller Årdal. Dei valde Sunndal av bedriftsøkonomiske grunnar. Kva verknader dette ville få for straumforsyninga i området, var ei anna sak, og skulle nok vurderast for seg. No venter altså politikarane og industrien på kraftlina som skal frakte straum frå overskotsområdet Årdal til underskotsområdet Sunndal.

Noko liknande skjedde kring etableringa av Ormen Lange. Utbygginga ville industrien og politikarane ha, kraftforsyningssida skulle vurderast for seg.

Årsaken til at investeringar på 90 milliardar står på vent er i stor grad at Hydro fekk bestemme sjølv, og politikarane utgreier halve spørsmålet og ikkje heile pakka når dei vil karre til seg ny verksemd til eige område.

Kva vil skje viss kraftlina frå Sogn til Ørskog blir bygd? Vi har vel industri og politikarar som er like ivrige no som då. Får dei sjansen, så bruker dei vel opp all straumen som kan fraktast gjennom den lina. Då vil det berre gå ei viss tid, og så er det knapt igjen. Er det slik vi vil ordne oss?

Det er ikkje råd å røyste på Naturvernforbundet ved valet til hausten, men ei innmelding er også ein måte å røyste på. Møre og Romsdal treng nokon som tenkjer på ein annan måte enn det politikarane har gjort i alle år, og verksemder som først og fremst tenkjer på seg sjølv skal ein heller ikkje godta ukritisk.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal