Nei til grenseregulering av Vermedalen naturreservat

Naturvernforbundet ber i ei fråsegn Fylkesmannen i Møre og Romsdal om å avslå søknaden frå Rauma Energi om grenseregulering av Vermedalen naturreservat, med sikte på å heve vasstanden i Vermevatnet med fem meter.

I ei grundig fråsegn, der Naturvernforbundet dokumenterer fleire av dei naturverdiene som kan gå tapt, konkluderer Naturvernforbundet slik:

Areala som grensereguleringssaka gjeld er ikkje undersøkt til ei årstid og under forhold slik at ein kan slå fast kva verdiar det kan vere i området. Det er også moglegheiter for at reguleringsområdet representerer eit ytterpunkt med omsyn til naturtilhøva i naturreservatet. Kunnskapsgrunnlaget (nml §8) er difor ikkje godt nok til å gjennomføre ei grenseendring utan nye undersøkingar. Det finst vidare eit utbyggingsalternativ som truleg er teknisk gjennomførbart og truleg ikkje vesentleg dyrare enn det som er lagt til grunn, som dessutan gjer grenseregulering unødvendig (nml §§ 11 og 12). Grenseregulering bør difor vere unødvendig, og bør avvisast.