Naturvernforbundet klagar på skogsveg i Tingvoll

Naturvernforbundet i Tingvoll har sendt klage på løyvet til byggjing av Ormsetdalvegen II.

Ut frå noverande kunnskap er det etter Naturvernforbundet si vurdering ikkje rett å legge til rette for hogst i vesthellinga utan at det er vurdert om arealet trengst for å oppfylle vernekravet på 4,6/10%. Strekninga som er planlagd i nytrase har då lita meining og må difor avslåast.

Strekninga som er omsøkt opprusta er langt meir prega av plantasjeskog, hogstfelt og furuskog med blåbærmark som har meir ordinære verdiar. Når saka er tilstrekkeleg utgreidd er det mykje mogleg at denne vegstrekninga kanbyggast, men med nokre vilkår.

Aktuelle krav er bom på vegen og at det må ordnast til parkeringsplassar slik atfriluftslivet kan ha ein praktisk tilgang til området. Det må også setjast krav til utføringa av arbeidet.