Meir kabling

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Hekken vaks kjempehøg, eller rettare granskogen. Breidda på kraftgatene held ikkje følgje, sjølv om dei har blitt breiare etter førre orkan, og resultatet er at granene bryt seg over høgspentlinene når det blir kraftig uver. Det blir det jo frå tid til annan. Ofte er jorda blaut når det skjer, og då tipper desse granene over endå lettare.

Naturvernforbundet har ved fleire høve oppmoda nettselskapa til å kable større delar av høgspentnettet. Dette av omsyn til fugl som er utsett for straumgjennomgang og kollisjon, særleg kanskje hubro og skogsfugl. Sjølv om ikkje kabel heller er heilt sikkert mot naturkreftene, er det sannsynleg at det mange stader vil vere ei svært påliteleg løysing.

Mange høgspentliner er såpass gamle at det snart er tid for utskifting av stolpar. Kanskje det no er rette tidspunkt for å få i alle fall ein del av høgspentlinene i bakken. Nokre nettselskap som Naturvernforbundet har kjennskap til seier at dei tåler ei ganske stor kostnadsauke med legging av kabel når dei slepp framtidige kostnader til rydding av linetraseane gjennom høgproduktiv granskog. Legg ein inn kostnader med langvarige avbrot år om anna, og tap av artar og natur som også kostar noko, så blir det eit tryggare og trivelegare straumnett.

Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal