Turist i Sunndal

Innlegg av Øystein Folden, leiar av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal på temamøte om vasskraft i Sunndal, arrangert av Naturvernforbundet i Sunndal 2.3.2006.

Eg er mellom dei som har flytta til dette fylket. Ting ser forskjellig ut for ein som alltid har budd her og ein som kjem frå ein annan plass. Kvifor skal ein bu i Sunndal? Kvifor skal ein vere turist i Sunndal? Båe spørsmål er det viktig blir stilt, det siste har eg lyst til å skissere noko på no.

Det er mange stader som har høge fjell. Sunndalsfjella har sine kvalitetar, Sunnmørsalpar er dei ikkje.

Det er mange stader som har musé og galleri. I Sunndal er det ikkje det som blir flaggskipet i reiselivsnæringa med det første.

Veganlegg og industri finst det også mange stader. Trollstigen finst alt ein annan plass. Hydro aluminium er og blir mest eit monument som syner i landskapet og på straumstatistikken.

Nasjonalparkar og naturområde finst det mange stader. Men nokre av desse har verdiar som er heilt spesielle. Har ein fått ein Innerdalbasill så er det berre Innerdalen som duger. Åmotan er ein annan stad som berre finst der.

Kva har Sunndal som kan gjere staden unik? Då må vi sjå på landskapet, for det er det ingen som kan kopiere.

Eg trur temaet vatn har noko i seg som kan utviklast til noko spesielt og stort. Det er knapt nokon stad i Noreg (og verda) som har fleire element knytt til vatn enn det Sunndal har.

Driva som fiskeelv med alle dei opplevingane som kan knytast til det kjenner vi alt. Potensialet her ligg i at resten av familien også kan finne på noko. For nokon er rafting ei løysing.

Vi har alt verneområde med høg kvalitet og tiltrekkingskrafta finst sjølv om det er altfor få som har kome på at dei er hekta. Sidan sist sommar har det gått ein flott reklamefilm på TV for naturverdiar i Sunndal. Innerdalen er presentert i all sin prakt, og fokuset var på dei som i si tid sa at her finst det verdiar som er større enn å legge vatn i røyr. Då offentleg vilje ikkje var til stades, var det einskildpersonar – stabeis vil nokre kalle dei – som gjorde jobben. Takk og all ære til dei som såg dette og gjorde dette mogleg. Kva ville Innerdalen ha vore med mykje meir vatn, eller ikkje noko vatn? I alle fall ikkje noko potensiale for turisme i Sunndal.

Vatnet i Sunndal skaper sjølv reklameplakatane. Vegvesenet kan ikkje kome å rive ned Erga og Erstadelva sjølv om dei nok kan ta merksemd som sjåførane kanskje skulle hatt på vegen. Dei krev lite vedlikehald, fotograferinga ordnar turistane sjølve. Sunndal kommune sin oppgåve ligg i at turistane ser at dei kan få oppleve meir av dette. Om det står i NAF-boka om Erstadelva som kjem ned etter fjellsida og om butikken der det er greitt å stoppe og der det finst god informasjon om turar ein kan gjere oppetter Øksendalen, då vil vel omsetnaden på butikken også gå opp. Sjølve Øksendalsøra er turistmål i seg sjølv. Når NORTRA sa i 1990 at Øksendalsøra er best bevarte strandstad i Noreg, seier vel det litt – og tema vatn høver godt. Så mykje spetakkel det var kring opprettinga av naturreservatet, kan ein jo bruke vernet til noko og då kjem elveoslandskapet og havstranda til sin rett – meir på tema vatn.

Ved Erga ligg det og potensiale i tilrettelegging. Dette kan utviklast vidare, men ikkje utan vatn i elvane.

På dagar då lufta er metta av vatn og fjelltoppane blir borte, då kan det vere mogleg å sjå korleis vatnet blir til straum, og korleis straum blir til aluminium og korleis aluminiumen til sist blir frakta vekk på det store vatnet. Sunndal er alt rikeleg utbygd, vi treng ikkje fleire elver i røyr for å få til dette. Men historia om utbygginga der vatnet blei lagt i tunnel og røyr, den er meir enn interessant nok til å få noko meir ut av. Legg til rette for turisme i utvalde delar av dette anleggsområdet og fortel historia.

Sunndal treng ikkje noko badeland, men kanskje det er plass for ei lita lagune? Verket har vel framleis ein del varmvatn som blir slept ut i havet. Det kan vel hende at noko av dette kan varme opp ei badelagune på vegen til havet?

Set ein vatn i system, har Sunndal heilt spesielle føresetnader til å skape turistverksemd. Samla kan dette gje aktivitet og oppleving til langt fleire enn laksefiskarane. Temaoppleving i vatn over 3 dagar kan gje eit turisttilbod i ein heilt annan dimensjon enn om bilen køyrer gjennom kommunen i løpet av nokre timar.

Samla vurdering av vassdragsverdiane

I staden for å bygge vegar inn til herlegdomen, bør vi ta vare på noko herlegdom der det alt er vegar.

Har butikken i Øksendalen ei framtid med Erstadelva i røyr?

Skal alle smådalane i Sunndal ha vatn lagt i røyr. Viss ikkje, kva daler skal ha levande vatn – vilt og vakkert? Skal dette bestemmast av utbyggarane etter kva rekkjefølgje dei blir omsøkt i? Eller skal slikt bli bestemt ut frå politiske vurderingar?

Er vilt vatn noko som finst langt vekk, men ikkje der folk bur?

Vasskraft er miljøvennleg. Kvifor blir det ikkje bygd ein 300 m høg dam litt opp i dalen? Då kan ein ta vare på mykje vatn gjennom sommaren, og sleppa han ut på vinteren når det er bruk for krafta. Nei vel. Det er altså ikkje slik at all vasskraft er miljøvennleg. Kva er det som gjer eit prosjekt miljøvennleg og eit anna ikkje? Kan ei kommunal vurdering av det gje svar?

Når ein med eine handa satsar på friluftslivet (t.d. Brandstadbu og Vollasetra) og i neste runde drikker opp vatnet med eit kraftverk, kva er det slags planlegging?

Når gyroen er borte, har vi då noko vatn att som laksen kan leve i?

Viss det berre blir att 3 elver i Sunndal utanom dei områda som alt er verna, kva elvar er då viktigast å ha att urørt?

11 personar i Øksendalen har fått eit slikt spørsmål frå Naturvernforbundet for ei veke sidan. Av desse svara 8 at då må Erstadelva vere ei av desse tre elvene.

Viss det skal byggast kraftverk i Usma, kvifor er det ikkje aktuelt å gjere det på strekninga som har elveforbyggingar og elles er ganske mykje rota med, framfor å ta for seg den biten som i stor grad ligg der urørt?

Kva er det med Sunndal som gjer at Tingvoll sitt utbyggingsønskje på Durmålhaugen måtte stoppast av omsyn til fritidsbruken på Neslandet, men ytre Nordmøre sin fritidsbruk av t.d. områda ved Erga ikkje spelar noka rolle?

Når ein kommune legg hovudvekt på argumentet ”Vi treng straumen” og så kjem til ei vassdragssak dei vil seie nei til, då kan dei ikkje gå mot søknaden ved å seie at vi ikkje treng straumen, for det er forskjellshandsaming. Då trengst det ei vurdering av vassdraga samla, med sortering av akseptable og uakseptable utbyggingssaker, og ein mellomkategori som må vurderast nærare.