Naturvernforbundet krev ny kartlegging av biologisk mangfald i Bordalselva i Molde

I samband med ein søknad om utbygging av Bordalselva, har Naturvernforbundet gjort ei synfaring. Synfaringa avdekka fleire forhold som gir grunnlag for å vere kritisk til den undersøkinga av biologisk mangfald Sweco har gjort for dei som har søkt om utbygging.

I brevet til NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) peiker Naturvernforbundet på fleire naturtypar som må kartleggjast betre. Det blir også påvist fleire lokalitetar med rødlisteartar som ikkje er omtalt i rapporten frå konsulenten. Dette gir grunnlag for å så tvil om kvaliteten på Sweco si kartlegging.

Naturvernforbundet kritiserer også NVE sin praksis med å sende ei sak på høyring med høyringsfrist 1. mars. På denne tida av året er det krevjande å finne mange viktige artar, t.d. orkidear, utan at det dermed er grunnlag for å konkludere med at slike artar ikkje er til stades i området.

Naturvernforbundet konkluderer uansett med at styresmaktene ikkje bør bruke tid på å behandle ein søknad med så dårleg kunnskapsgrunnlag; det vil vere i strid med reglane i forvaltningsloven og naturmangfaldloven om at ei sak skal vere tilstrekkeleg opplyst før det blir teke ei avgjerd.