I tilbakegong og på rømmen

I serien om framande artar på Nordmøre har vi i dag kome fram til Byreseda.

Ekspertkomiteen prøver å finne ut om planta vår denne gongen er i tilbakegong, eller om det er ei komande problemplante. Dei har så langt lagt det inn i reknemaskina og kome til at i gjennomsnitt er dette ei plante som er i svak tilbakegang. Det er byreseda Reseda lutea dette gjeld.

I vårt distrikt er byreseda funnen to stader. Den eine staden er i Kristiansund i 1872. Då er det sannsynlegvis ballast som er årsaka til at planta dukka opp. Ballast i form av jord har det jo blitt mykje mindre av dei siste hundre åra. Vi kan vel rekne med at førekomsten i Kristiansund ikkje finst lenger.

Den andre førekomsten som ein kjenner til i vårt område er i vegkanten ved Skjevling i Tingvoll. Første gongen observert i 2010, og funnen igjen i åra etterpå. Det var berre nokre få planter i 2010. No er planta spreidd i vegkanten på ei femtimeterstrekke. I mellomtida har planta vore utsett for gravearbeid og ein vinter med hard frost og vind, så det kan sjå ut til at planta har tenkt å bli verande denne gongen.

Byreseda liknar på fargereseda, men dei to plantene har ikkje like mange kronblad, så det er råd å skilje dei. Det finst fleire i same slekta, brukt ein og annan gongen i hagar.

Funnet i Kristiansund blei gjort av H. Greve. Kven var han? Det finst ei Henrik Greves gate, og det finst ein Henrik Greve som var kateket i Kristiansund 1864-1872. Det kan vel hende vi har samanhengen der. Dei 6 observasjonane i Tingvoll er det underteikna som har gjort.

Byreseda kjem frå Middelhavsområdet og Vest-Asia. Planta er toårig til kortliva fleirårig, og spreier seg med frø. Førekomsten ved Skjevling har sannsynlegvis kome med grasfrø brukt i vegkanten. Byreseda er også funnen kring store mølleanlegg. Då har det vore med frø i lag med kornet. Slik spreiing er også ofte i tilbakegong no.

Det er litt uvisst om dette er ei plante som kan bli plagsam. Å rekne matematisk på dette utan å bruke litt bondevit i tillegg, er gjerne ikkje nok. Ein må nok legge mest vekt på dei siste funna og tendensen knytt til dei. Då er det truleg at vi kjem til å sjå litt meir til denne planta med åra. Viss frøet ikkje er spesielt langliva, vil hausting før frøsetting truleg vere effektivt tiltak.

Lutea har vi vore borti før, tyder framleis gul, og sikter til farga på blomen. Reseda kjem frå latin resedare som tyder å lækje. Plinius som døydde år 79 brukte dette namnet.

Risikovurdering

Byreseda er vurdert til kategori låg risiko (LO), og ikkje på svartelista.