Kven er dummast i landet her?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er nokre som er sikre på at dei ikkje vil betale bompengar. Dei vil gjerne køyre, men ikkje betale. Det store spørsmålet er no, finn dei nokre som er så dumme at dei vil betale i staden for dei, slik at dei kan få køyre utan å betale?

Bompengar har ein samanheng med nye vegar å gjere, og nye vegar har ein samanheng med køyring av alle som vil til den tida dei vil å gjere. Sidan slikt ikkje er gratis, må ein finne nokon som vil betale.

Viss vi sluttar å bygge nye eller breiare vegar, så treng vi ikkje så mykje pengar å betale med. Då kan vi nok minke på bompengane så snart noverande veggjeld er betalt. Men det er ei stund til, så mykje veg vi har bygd på forskot dei siste åra.

Eller vi kan finne nokre som er så dumme at dei vil betale rekninga. Kanskje skattebetalarar flest vil betale? Dei som bruker sykkel no for å unngå ureining av kloden, dei vil kanskje betale dette? Eller pensjonistane som ikkje har førarkort og tar dei få bussane som går viss dei skal nokon stad? Eller kanskje dei streikande skuleungdomane vil gje slepp på sin del av oljefondet? Viss ein inndrar barnetrygda og gjev pensjonistane og bøndene lågare lønspålegg, det hjelper vel?

Til slutt må vel Stortinget avgjere det heile: Kven i landet er dummast her og vil betale?

Naturvernforbundet tilrår gjerne ein spasertur i vente på avgjerda.

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal