Naturvernforbundet vil ikkje ha 420 kV på høgfjellet i Ørsta

Som lokallag av Noregs Naturvernforbund skulle det prinsipielle synet til Naturvernforbundet i Ørsta og Volda på 420kV-lina mellom Ørskog og Fardal vere godt kjend for NVE og Statnett. Samstundes veit me at detaljplanlegginga for dei ulike traséalternativa er i full gang. Vi vil difor komme med eit innspel om ei strekning i vårt nærområde som vi er sterkt uroa over.

Det gjeld linjeføringa i Ørsta kommune, mellom Follestaddalen og Standaleidet. På Statnett sitt kart datert 06.02.08, ”Seksjon 1, Ørskog – Leivdal/ Åskåra”, er det markert tre moglege traséar. Alternativ 1.0, som går i dalbotnen, er ikkje lenger aktuell. Det som vi no vil seie noko om er altså valet mellom alternativ 1.2.1 og 1.2.2 mellom Myklebustelva og området ved Myklebustsetra / Kalvedalen.

Naturvernforbundet vil sterkt tilrå at alternativ 1.2.2., den som går over Øyahornet,  vert brukt. Denne grip i mindre grad inn i høgfjellsterreng, og vert mindre eksponert både sett frå dalen og omkringliggjande fjellterreng. Naturvernforbundet ser begge alternativa som stygge inngrep i eit attraktivt naturmiljø, så no er vi iferd med å seie at kolera er betre enn pest.

I dei fleste utbygningssaker vil Naturvernforbundet vere meir restriktive til inngrep jo høgare til fjells inngrepet er. Så også i denne saka. Vi kan ikkje vise til raudlisteartar eller spesielt sårbare lokalitetar, men naturen sine tålegrenser er mindre i høgfjell både med omsyn til flora, fauna, visuell eksponering og friluftsliv.

Det øvre trasévalet går over fjellryggen Seilen, og vil bryte lengre inn i eit bortimot inngrepsfritt og attraktivt fjellområde mellom Standaleidet og Bondalen enn alternativet over Øyahornet. Området Seilen, sadelen mellom Sandhornet og Grøthornet, er eit kryssingspunkt for fleire stiar og mykje brukte skiløyper. Sjå ”Fotturar på Sunnmøre” (Iriss 2003, s156) og ”Skiturar i Sunnmørsalpane” (Iriss 1996, s253).

Mastepunkta 1632 og 1633 på høgste ryggen av sadelen (Seilen) vil bli liggjande i silhuett og bryte opp eit samanhengjande landskapsbilete. Denne linjetraséen  vil og krysse det viktige hausttrekket til fjellrypa frå Harpedalsegga  til Sandhornsida. Begge linjevala vil krysse inngangen til Kalvedalen på ein uheldig måte og gripe brutalt inn i snaufjellet ved Smådalane. Begge desse områda er mykje brukte turområde.

Naturvernforbundet argumenterer for at lina vert lagt så langt ned mot noverande inngrep som råd. Mellom Øyahornet og mastepunkt 1625 er der alt skogsvegar, småkraftverk, plantefelt og dyrka mark. Terrenget bak desse tiltaka må skjermast.

Naturvernforbundet forventar at NVE tek omsyn til desse synspunkta i vurderinga av linjealternativ 1.2.2  opp mot det som måtte tale til fordel for ”Seglen- alternativet”.

Naturvernforbundet vil gjerne ta del i vurderingar og gje innspel i detaljplanlegginga framover.