Naturvernforbundet med vellukka Miljøfestival på Standalshytta

Naturvernforbundet samla 80 miljøvernarar til Miljøfestival på Standalshytta i Ørsta 27. – 29. juni. Staden var ikkje tilfeldig vald; midt i traséen for den planlagde monsterlina mellom Fardal og Ørskog. Naturvernforbundet nytta også høvet til å overrekke tidlegare mørebiskop Odd Bondevik ein miljøpris.

På Miljøfestivalen var heile toppleiinga i Naturvernforbundet samla for å treffe lokale naturvernarar frå heile landet, diskutere aktuelle miljøsaker og ”lade batteria” i flott natur.

Kamp mot monsterlinje og ny vasskraft

Miljøfestivalen var ei blanding av fagleg påfyll og debatt. Fredag ettermiddag og laurdag morgon var det debatt om energisituasjonen i Noreg og utbyggingspresset vi no opplever på dei vassdraga som er att. Her var det m.a. debatt om planane Romsdalen pumpekraftverk har om utbygging i den verna Rauma og fokuspå nye kraftlineplanar, både på Vestlandet og i Troms og Finnmark.

Kampen mot monsterlinja frå Fardal til Ørskog blir ei sentral sak for Naturvernforbundet i tida framover. Linje er det største naturinngrepet i Vestlandsnaturen nokon gang, og ho vil gi store skadar på naturen, uavhengig av trasé. Naturvernforbundet meiner difor alternativet med å legge lina i sjøkabel må utgreiast ordentleg. Dette vil vere eit meir framtidsretta alternativ, sidan det allereie no blir planlagd ei storstilt utbygging av vindmøller til havs. Desse vil trenge eit eige nett i havet. Det er også planar om å byggje ut store kraftliner lenger nord i landet. Også her meiner Naturvernforbundet det er nødvendig å sjå på sjøkabel som alternativ.

Forskar frå Ørsta om klimaendringane

Klimaforskar Idar Barstad frå Ørsta (og Bjerknessenteret i Bergen) gav ei oversikt over konsekvensane av dei menneskeskapte klimaendringane. Deretter nytta dei frammøtte ettermiddagen til å diskutere Naturvernforbundet si rolle i klimaarbeidet; Naturvernforbundet arbeider med desse spørsmåla både lokalt i den enkelte kommune og i dei internasjonale klimaforhandlingane.

Miljøpris til Odd Bondevik

Laurdagen blei avslutta med ei prisutdeling; Odd Bondevik fekk Naturvernforbundet i Møre og Romsdal sin heiderspris. I si innleiing om «Rett og gale i miljøkampen» la den pensjonerte biskopen vekt på at vi som menneske har eit etisk ansvar for å ta vare på fleire enn dei som står oss nærast, vi har også eit ansvar for å trygge levekåra for menneska på den andre sida av jorda. Odd Bondevik har vore høgt prioritert som miljøvernforkjempar i kyrkja, m.a. med støtte til ikkje-valdelege aksjonar mot etablering av gasskraftverk i Noreg. Bondevik la vekt på «menneske av god vilje» i arbeidet med å løyse klimautfordringane. Så lenge vi har eit felles mål om å stoppe dei farlege klimaendringane må vi samarbeide, uavhengig av ståstad og motivasjon.

Studerte småkraft i Hjørundfjorden

Miljøfestivalen blei avslutta på søndag med ei synfaring av småkraftverk i Hjørundfjorden. Trond Ryslett frå Småkraftforeninga stilte velvillig opp som guide og tok med seg nyfikne deltakarar inn i det nye kraftverket på Bjørke.

Festivalsjef var Steinar Alsos, han kan treffast på telefon 91 83 11 93.

Miljøprisen vart overrakt av fylkesleiar Øystein Folden, han har telefon 91 81 25 42.

Innlegget til Øystein Folden

Presentasjon av planane til Romsdalen pumpekraftverk

Odd Bondevik får miljøpris av Øystein Folden på Miljøfestivalen 2008

Odd Bondevik på Miljøfestivalen 2008

Sentralstyremøte i Naturvernforbundet i forbindelse med Miljøfestivalen 2008.

Erik Solheim holder Takk for maten-tale på Miljøfestivalen 2008.

Vasskraftutbygging på Trandal i Hjørundfjorden i Ørsta kommune. Dette er eit døme på at inngrep syner og truleg kjem til å syne ei stund.

Mellom deltakarane på Miljøfestivalen var tidlegare leiar Erik Solheim (Førde) og tidlegare generalsekretær Per Flatberg (Inderøy), her ved Standalshytta under Sætretinden.