Materialval ved klopplegging i blaute parti

Naturvernforbundet svarar på spørsmål frå Surnadal kommune.

Takk for førespurnaden. Dette er spørsmål som kan ha noko å seie for naturen, så det er bra at ein undersøkjer dette nærare.

Royalimpregnering kan oppsummerast omtrent ved at det er furumaterial som først blir impregnert med kopar og så kokt i linolje etterpå. Linolja gjer sitt til at treet ikkje trekker særleg vatn, den gamle teknikken brukt til vindusprossar o.l. i hundrevis av år. Koparen er giftig og gjer sitt til at algar m.v. ikkje gror så lett på treet. Koparen var, saman med arsen og krom (CCA), ein del av den impregneringa som for nokre år sidan blei forbode i vanleg bruk. Koparen har ein giftverknad og har vore bruka i impregnering av fiskenøter til oppdrett mellom anna. Dette for å hindre groing på nøtene. Det er ingen tvil om at koparen verkar, og då særleg i kontakt med vatn. Bruk av slik material vil innebære at koparen blir transportert ut i naturen, og når treverket ikkje lenger er brukande har det jo eit lag med å bli verande der, og då vil jo koparen hamne i naturen om han ikkje alt er vaska ut og har hamna der frå før. Korleis dette verker på mikroorganismar og anna veit vi kan hende ikkje, eller vi har ikkje så lyst til å vite det.

For nokre år sidan kom det ei alternativ impregnering Kebony på marknaden. Kebony gir same haldbarheitsgaranti som for Royalimpregnering etter det eg har sett. Kebony er svanemerka. Etter det eg veit kan slike materialar brukast t.d. i vasstankar for drikkevatn. Kapp kan handsamast som rein trematerial og kan brennast. Når levetida er ute, kan det komposterast. Produktet kan ein sjå nærare på: www.kebony.com Kebony blir relativt hard og slitesterk.

Ein er følgjeleg i den stoda at royalimpregnert material ikkje er den best tilgjengelege teknologien (BAT) når det gjeld bruk ute i terrenget. Kebony er truleg dyrare, men ein slepp t.d. å hente inn igjen det som blir av kapp, og det som kjem om ein del år når det skal ryddast opp. Alt i alt kanskje ikkje så dyr likevel når ein tar med slike moment.

Grøn material impregnert med kopar og Royalimpregnert material også impregnert med kopar blir bruka til så mangt i dag. Sjølv om desse materialane ikkje blir rekna på same måten som det gamle med CCA-impregnering, er det like fullt ikkje greitt å brenne det eller la det bli liggande. Koparimpregnert material kjem til å bli eit avfallsproblem i framtida. Elles finn ein ganske mykje slik material om ein går i fjøra, så ein del er alt på veg ut i naturen vår.

Med helsing

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

From: Norunn Holten

Sent: Friday, September 26, 2014 11:52 AM

To: moreromsdal@naturvernforbundet.no

Subject: Forespørsel om råd

Kulturavdelinga

Surnadal kommune

Bårdshaugvegen 1

6650 SURNADAL                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                     

Surnadal 26.9.2014

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

v/ leiar Øystein Folden

6630 TINGVOLL

I samband med arbeid med turstiar i Surnadal kommune, er det i mange tilfelle behov for klopplegging i blaute parti. Det er viktig for oss at det tilretteleggingsarbeidet vi gjer i samband med turstiar, ikkje forureinar naturen, og vi brukar derfor så langt råd er stein og andre naturmaterialar vi finn langs stiane i dei våte partia. Mange stader må vi likevel gå for andre løysingar. Vi lurar no på om det er greitt å bruke materialar som er såkalla royalimpregnert til kloppleggjing i blaute parti ute i terrenget. Vi håpar at de kan hjelpe oss med dette spørsmålet før vi eventuelt tek denne typen materialar i bruk. Sjå tekniske opplysningar om produktet her: http://hoved.talgo.no/nyheter/moereroyal-med-miljoedeklarasjonen-epd/.

Det er så vidt eg kjenner til ikkje begrensningar på bruk av verken royalimpregnerte eller andre typar impregnerte materialar når det gjeld til dømes fritidsbustader ved sjøen og i fjellet. Dette gjeld derfor materialar som blir bruka i utstrekt grad her til lands. 

Mvh

Norunn Holten

Kulturavdelinga

Surnadal kommune